– Vi finn så godt som null oksygen to centimeter ned i havbotnen. 30 år etter gruvedeponeringa tok slutt, er dette overraskande, seier havforskar Tina Kutti på tokt i Jøssingfjorden.
Til 1984 var fjorden heilt sør i Rogaland brukt som gruvedeponi. No, 33 år seinare, vil forskarar frå Havforskingsinstituttet og Universitetet i Bergen sjå om han har henta seg inn igjen.
Med ein kjernehentar tar forskarane opp sylindrar av sediment frå havbotnen. Fortløpande analyserer dei dyrelivet i sedimentet og måler oksygeninnhaldet nedover i søyla. I alt tar dei opp prøver frå seks stasjonar for å få eit representativt utval. Fire av stasjonane er brukt før av andre forskingsaktørar.
Les hele saken på Havforskningsinstituttets nettsider.