Fjellskredberedskap på agendaen

Fjellskredberedskap på agendaen

Nasjonal fjellskredkonferanse - Åknes 2016 i Geiranger er i gang.

Rundt 180 deltakarar frå 48 ulike organisasjonar er i to dagar samla i Geiranger for å lære og diskutere fjellskredberedskap. Første dag er sett av til øving for alle med beredskapsansvar knytt til fjellskred og flodbølgjer i Møre og Romsdal.
Øvinga har fjellskredproblematikken i Åkneset som tema og mål for øvinga er å få brukt og testa planverket, og samhandling mellom etatane.
Sjølve konferansen startar 06.09. ved at statsråd Tord Lien frå Olje- og energidepartementet held opningsforedraget. I tillegg blir det erfaringsdeling frå større beredskapssituasjonar som brannen i Lærdal, flaumen på Vestlandet i 2015 og ras i Kåfjord kommune i 2015.
Frå Italia kjem ordføraren i Courmayeur samt leiar av overvakinga, administrerande direktør ved Geological survey, Regione Valle d’Aosta. Dei vil dele sine erfaringar frå det overvaka fjellpartiet La Saxe i Courmayeur. Der har 200-300 personar vore evakuert to år på rad grunna risikoen for fjellskred. Dei ventar framleis på skredet.
Konferansen er eit fellesinitiativ frå Stranda kommune, Åknes/Tafjord Beredskap IKS, NVE, Møre og Romsdal Politidistrikt, Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Pressemelding

COMMENTS

WORDPRESS: 0
X