Vinterkonferansen 2021 Postersesjon under Vinterkonferansen 2020 i Oslo. Foto: Ronny Setså

Vinterkonferansen 2021

Vinterkonferansen 2021 arrangeres ved NTNU i januar. Hovedtemaet blir Geoscience in a changing world.

Vinterkonferansen 2021 (VK2021) blir arrangert på NTNU i Trondheim 6.-8. januar. Organisasjonskomiteen er i full gang med jobben og vil utover hausten sette opp sesjonar som dekkar heile spekteret av geologiske disiplinar/fagområde (www.geologi.no)

Hovedtema for VK2021, Geoscience in a changing world, passer godt på fleire måtar. Pandemien som stadig utviklar seg vil kunne medføre endringar som vi knapt ser konturen av enno. Sjølv om dette vil kunne påverke måten vi jobbar på vil samfunnet alltid ha behov for ny og forskningsbasert geofagleg kunnskap.

Den siste tida har vi blitt vane med å delta i møte via skjermen på heimekontoret. I lys av det store omfanget av covid-19 vil mange kanskje stille spørsmål ved om det er rett å arrangere konferansen med felles oppmøte under same tak. Internasjonale konferansar som EGU2020 vart på kort varsel gjort full-digitale, og det er liknande planar for andre store konferansar i slutten av 2020. Vi kan følge presentasjonar på nett, og med god planlegging har dette vist seg å fungere godt.

Det kan vere mange fordelar med digitale konferansar. Vi unngår for eksempel svært mange og lange flyreiser som trengs når fleire tusen geologar skal samlast i same byen. Mindre reising er bra for miljø og klima. Men det er også mykje som talar at vi bør fortsette å møtast på tradisjonelt vis. Dei fleste har erfart samarbeid og nye nettverk blir utvikla når vi treffer folk frå ulike fagmiljø på konferanse og ekskursjon.

Det er god nasjonal kontroll med covid-19, og vi ser fram til at VK2021 skal bli ein møteplass for alle. Internasjonalt er effekten av covid-19 usikker, men det er sannsynleg at det kan bli færre reiser fram til store internasjonale konferansar det neste året. VK2021 blir derfor viktig for å sikre at geofagmiljøet her til lands kan oppretthalde eit levande og framtidsretta fagleg forum. Dette er særlig viktig for studentar og unge i fagmiljøet som her kunne få erfaring med ein viktig del av det vitskaplege arbeidet.

ØYSTEIN NORDGULEN
President NGF

COMMENTS

WORDPRESS: 0
X