Førsteamanuensis i klimadynamikk og paleoklima Foto: Ronny Setså

Førsteamanuensis i klimadynamikk og paleoklima

Institutt for geovitenskap, UiB, søker førsteamanuensis innen klimadynamikk og paleoklima. Søknadsfristen er 28. oktober.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde

Stillinga er meint for ein forskar innan klimadynamikk og paleoklima. Vi vil vektleggje søkjaren si evne til å dokumentere eit høgt internasjonalt forskingsnivå i skjeringspunktet mellom klimadynamikk og paleoklima. Vi er opptekne av å tiltrekkje ein kandidat med brei erfaring med ulike typar numeriske modelleringsverktøy og som syner potensiale til å fremje og integrere gruppa sine forskingsinteresser særleg retta mot forståing av isdekke- og bredynamikk, samt storskala endringar i havsirkulasjon. Vidare vil vi vektlegge kandidatens interesse av å integrere empiriske data med modelleringsverktøy.

Vi forventar at kandidaten skal kunne:

• Utvikle profilerte forskingsprogram og publisere og formidle regelmessig

• Søkje om (ekstern) forskingsfinansiering

• Forplikte seg til forskingsbasert undervisning og rettleiing på bachelor-, master- og, ph.d.-nivå

• Uttrykkje interesse og entusiasme for nye studentaktive læringsmetodar

• Delta i forskingsleiing, inkludert rådgjeving og rettleiing av forskarar

• Dele kunnskap med samfunnet gjennom samhandling med både beslutningstakarar og innbyggjarar

• Bidra til å gjere instituttet synleg gjennom aktiv forskingsformidling

• Delta i fagfellevurderingar på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå

Under iEarth-paraplyen er det starta ein omfattande prosess for kartlegging og utforming av undervisningsporteføljen. Det er forventa at den som blir tilsett deltek aktivt i denne utforminga for å sikre at den neste generasjonen studentar er førebudde til å være med og løyse globale utfordringar som krev høgt kvalifiserte og engasjerte geovitarar.

Instituttet forventar at den som blir tilsett vil vere aktivt involvert i igangsetjing og gjennomføring av nasjonale og internasjonale forskingsaktivitetar. Kandidatar som syner eit klart potensiale til å samarbeide og bidra til eksisterande strategiar i interaksjon med staben ved instituttet vil ha eit føremon.

I samsvar med universitetet sine generelle føreskrifter, er stillinga pålagt å ta på seg undervisning og tilhøyrande eksamensarbeid og rettleie masterstudentar og ph.d.-kandidatar. Dette krev pedagogikk- og rettleiingskvalifikasjonar på norsk nivå.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha doktorgrad i klimadynamikk.
  • Søkjarar må ha erfaring med isbremodellering og modellutvikling.
  • Det blir lagt vekt på erfaring med å integrere empiriske forskingsresultat (proxy data) i numerisk modellering.
  • Søkjarar må dokumentera forsking av høg internasjonal standard og ha eit internasjonalt nettverk innanfor sitt forskingsfelt.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner.
  • Det er forventa at den som blir tilsett bidrar til eksternt finansiert forskingsaktivitet, og bør kunne dokumentere evne til å skaffe forskingsfinansiering.
  • Søkjarar må kunne bidra i forskingslag både som leiar og samarbeidspartnar.
  • Søkjarar må ha gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg engelsk.

Personlege eigenskapar, evne til å kunne samarbeide og ei positiv haldning vil bli vektlagt. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Krav til utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber dokumentasjon av

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
  • grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tiltreding.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønnsstige 66 – 74 (kode 1011). Dette utgjer i dag ei årsløn på kr 594 400, – 691 400 før skatt. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har anledning til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Fristen for ein slik søknad er 15. september kvart år.

Søknaden skal innehalde

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, inkludert ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider) og ein visjon for utvikling av kvartærgeologi og paleoklima som fagfelt ved instituttet.
  • utdanningsfagleg kompetanse dokumentert gjennom utdanningsfagleg mappe (sjå ovanfor)
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid

Generell informasjon

For ytterlegare detaljer om stillinga, kontakt: Professor Jostein Bakke, Institutt for geovitenskap, telefon + 47-55583503/+ 47-99273343/e-post: Jostein.Bakke@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal spegle mangfaldet i det norske samfunnet i størst mogleg grad. Alders- og kjønnsbalanse blant tilsette er derfor eit mål. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje på stillinga.

Kvinner oppmodast til å søke. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, skal reglene for moderat kjønnskvotering gjelde.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Lenke til stillingsannonse

COMMENTS

WORDPRESS: 0
X