Førsteamanuensis innan geomikrobiologi Foto: Ronny Setså

Førsteamanuensis innan geomikrobiologi

Institutt for geovitenskap, UiB, søker førsteamanuensis innen geomikrobiologi. Søknadsfrist er 28. oktober.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde

Stillinga er tiltenkt ein aktiv forskar innan geomikrobiologi med kompetanse innan geomikrobiologiske prosessar og miljø i djuphavet og den djupe biosfæren i undergrunnen, og kva for innverknad slike prosessar har på geokjemiske syklusar. Deltaking i marine forskingstokt er forventa.

I tillegg til forsking skal den tilsette ta del i instituttet sitt studieprogram både på bachelor- og mastergradsnivå, med undervising i geomikrobiologi og ansvar for integrering av geomikrobiologi i instituttet sitt studieprogram, samt med rettleiing av studentar på master- og ph.d.-nivå. Eit sterkt fokus på studentaktive læringsformer og SoTL (Scholarship of Teaching and Learning) er forventa.

Universitetet sine generelle forskrifter forlangar at ein akademisk tilsett skal ta del i undervisinga og tilhøyrande eksamens-/vurderingsarbeid, rettleie master/ph.d.-studentar og presentere eigne forskingsresultat på konferansar og i internasjonale tidsskrift.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innan geomikrobiologi.
  • Ekspertise og erfaring med molekylærbiologiske, mikrobiologiske og geokjemiske metodar og data er eit krav.
  • Kandidaten må kunne dokumentere forskingserfaring innan geomikrobielle prosessar i djupmarine sediment, havbotnskorpa og hydrotermale miljø.
  • Erfaring frå djupmarine forskingstokt og prøvetaking er eit krav.
  • Søkjarar må ha erfaring frå tverrfaglege forskingsmiljø.
  • Kandidaten må kunne dokumentere forsking av internasjonalt format og vise til eit godt internasjonalt nettverk.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må kunne  bidra i forskingslag både som leiar og deltakar.
  • Det blir forventa at den som blir tilsett bidrar til eksternfinansiert forskingsaktivitet. Søkjarar bør difor kunne dokumentere evne til å hente inn ekstern forskingsfinansiering.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Krav til utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber dokumentasjon av

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
  • grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til  utdanningsfagleg kompetanse finst her.

Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tiltreding.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 66–74 (kode 1011/LR 24, alternativ 10). Dette utgjer ei årsløn på kr.  594 400,- – 691 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Meir informasjon finst her: https://www.uib.no/matnat/54491/opprykk-til-professor

Søknaden skal innehalde

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • utdanningsfagleg kompetanse dokumentert gjennom utdanningsfagleg mappe (sjå ovanfor)
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Ingunn H. Thorseth, Institutt for geovitenskap, e-post: Ingunn.Thorseth@uib.no / tlf. 41528683.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Lenke til stillingsannonse

COMMENTS

WORDPRESS: 0
X