Klare til å lenke seg fast

Natur og ungdeom vil igjen stoppe rutil- og granatgruven som planlegges i Engebøfjellet i Naustdal kommune, skriver firda.no.

– Vi kjem ikkje til å gi oss for Førdefjorden, og denne driftskonsesjonen [som Nordic Mining har søkt om] er nøydd til å bli avslått. All erfaring med dumping av gruveavfall i sjø viser at det har hatt svært negative konsekvensar for livet i fjorden. Dette har vi sett tidlegare både i Jøssingfjorden og i Repparfjorden. Vi kan ikkje la katastrofen gjenta seg, seier sentralstyremedlem Ingebjørg Marie Thorkildsen i Natur og ungdom i pressemeldinga som firda.no refererer.

Organisasjonen meiner miljøkonsekvensane av gruveprosjektet er så store at Direktoratet for mineralforvaltning ikkje kan godkjenne søknaden frå Nordic Mining.

– Vi kan ikkje risikere øydelegging av natur for kortsiktig profitt, seier Thorkildsen i pressemeldinga.

«2800 menneske er klare til aksjonar mot omstridd gruve,» skriver nrk.no.

– I første omgang vil vi be direktoratet om å avvise konsesjonssøknaden. Men vi er 2800 personar som har skrive oss på liste og som er villige til å aksjonere med sivil ulydigheit, seier Leiar Gaute Eiterjord i Natur og Ungdom til NRK.

X