Sogndal kommune i Sogn og Fjordane får no betre og meir presise kart som gjev oversyn over skredfare i utvalde område med busetnad. NVE overleverte karta 19. mai 2017. Alle vurderte skredtypar gjev utfordring i høve busetnader.
Det er utarbeidd faresonekart for områda Kjørnes, Loftesnes, Ylvisåker-Skardsbø-Øvstedal, Stedje-Skjeldestad, Selseng-Litlabø, Mundal, Kongaberg og Bergi.
– Kartlegginga gjev oss ny kunnskap om skredutfordringane i Sogndal. Vi ser mellom anna at det er mange bygg som ikkje tilfredsstiller dagens krav til sikkerheit mot skred, fortel Brigt Samdal, regionsjef i NVE.
Karta er enkle i bruk og tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flaumskred. Faresonene for kvar aktuell skredtype er også teikna saman inn i kartet, slik at kommunen berre treng å halda seg til ei skredsone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversyn over kva område som er utsett for skred.
– Med faresonekarta som NVE no har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, for å vurdera sikringstiltak og for bruk i lokal skredberedskap, seier Samdal.
Grunnlaget for faresonekarta er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse og feltsynfaringar. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytta resultata i eigne verktøy saman med andre kartdata.
Rapporten finn du her.
Pressemelding