Før helga kom meldinga om at Universitetet i Bergen får 71 millionar kroner frå Forskingsrådet for å finna ut kva som eigentleg skjer i vassmassane djupt nede i dei nordiske hava, skriver På Høyden.
Lokeslottet ligg mellom Svalbard og Jan Mayen. For ikkje så mange år sidan oppdaga UiB-forskarar at det ligg mange varme kjelder under havoverflata, rett og slett underjordiske vulkanar. Dei spyr ut svært varmt vatn, og her lever spesielle organismar og det finst sjeldne mineralar.
Pengane betyr at prosjektleiar Ilke Fer kan kjøpa inn såkalla glidarar, som er ein type farty som kan brukast under vatn, samt etablera observasjonssystem på botn. Desse skal mellom anna overvaka havsirkulasjon og havforsuring.
Ved UiB er det Geofysisk instiutt, Institutt for geovitskap og Bjerknessenteret som er med på prosjektet, i tillegg er Hvaforskingsinstituttet, Norsk polarinstitutt, Meteorologisk institutt, Norce og Universitetet i Tromsø partnarar. Partnarane går òg inn med pengar, slik at samla sum for prosjektet er hundre millionar kroner.
GEO 02/2017: «Grunnleggende forskning»