– Vi er klare til å lyse ut den fyrste kontrakten så snart vi har fått avklart utfyllingstillatelsen og løysinga vår for å vareta ytre miljø utfordringane. Byggjestart kan allereie bli i år.
Det seier Statens vegvesens leiar for Rogfast-prosjektet, Tor Geir Espedal, til vegnett.no.
– Dagen i dag (23. mai) er ein merkedag for oss som jobbar på Rogfast-prosjektet. Vi er klare til å lyse ut den fyrste kontrakten så snart vi har fått avklart utfyllingstillatelsen og løysinga vår for å vareta ytre miljø utfordringane. Så snart dette er på plass lyser vi ut den fyrste kontrakten i Rogfast-prosjektet som er for transporttunnelen i Arsvågen, seier Espedal.
Med sine 26, 7 kilometer vil Rogfast bli verdas lengste undersjøiske vegtunnel. Prosjektet har ei kostnadsramme på 16,8 milliardar kroner.
– Vi har ei målsetjing om å lyse ut dei neste fire store kontraktane i løpet av 2017 og 2018, seier Espedal.
Planen er at dei fyrste bilistane kan ta tunnelen i bruk i 2025/26.
– Bygginga av ein så lang undersjøisk tunnel er utfordrande, med mange tekniske utfordringar. Ei av desse er to-planskrysset under Kvitsøy. For å sikre god ventilasjon skal vi sprenge to ventilasjonssjakter frå Kvitsøy og ned til begge tunnelløpa, forklarer prosjektleiaren.
![window.adn = window.adn || {};
adn.calls = adn.calls || [];
adn.calls.push(function() {
adn.request({
network: "2cddc6",
adUnits: [{
auId: "2e0bfb",
auW: 1230,
auH: 480
}]
});
});
Rogfast er vedtatt](https://geo365.no/wp-content/uploads/2017/05/170605-Rogfast-x-711-650x433.png)