Ordfører i Kvalsund kommune, Terje Wikstrøm og Hammerfest Næringsforening vil innleie på møtet.
Deretter vil næringsminister Torbjørn Røe Isaksen snakke om gruveetableringens betydning for Finnmark og Norge, og korleis utvinning av kopar bidreg i det grøne skiftet. Det vil også bli presentasjonar av Nussir ASA og DNV-GL. Til slutt blir det tid for spørsmål og debatt.
Bakgrunn:
Nussir ASA fikk 14. februar 2019 løyve til utvinning av Repparfjord koparforekomst i Kvalsund kommune (driftskonsesjon).
Nussir ASA har frå før av godkjent reguleringsplan ved KMDs vedtak frå 2014, og utslippstillatelse ved Miljødirektoratets vedtak frå 2016, opprettholdt av KLD.
Utslippstillatelsen innebærer løyve til deponering av avgangsmassar i sjødeponi i Repparfjord.
– Gruveprosjektet vil styrke næringsgrunnlaget i nord. Det vil gje positivt bidrag til utviklinga av lokalsamfunnet, med nye arbeidsplassar og kompetanse. Vi veit at gruveprosjektet har skapt mye engasjement. På folkemøtet vil vi lytte og få innspel frå dei som bur der, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).
Norge har mange naturressursar som gjev grunnlag for næringsutvikling i heile landet. Våre mineraler er ein slik naturressurs. Det grønne skiftet er avhengig av auka utvinning av mange typar metall som kan bli brukt i nye teknologiar – som solceller, vindmøller, elbilar og batteri. Mineralnæringas råstoff til industrien er difor viktig for å nå klimamåla.