Bevegelsane i fjellpartiet Veslemannen har den siste veka auka gradvis. Hastigheita er om lag 9 mm/døgn i øvre del av området, og rundt 1 mm/døgn for nedre del av området. Som følgje av dette hever NVE farenivået til gult, noko som inneberer at overvakingsrutinane blir noko intensivert.
I vinter var det ubetydeleg bevegelse ved fjellpartiet, men i samband med snøsmeltinga i starten av mai blei det bevegelsar i fjellpartiet att. Gjennom sommaren har det vore jamn bevegelse.
Veslemannen er ein avgrensa del av det ustabile fjellpartiet Mannen i Romsdalen, som har hatt relativt store bevegelsar dei siste haustane. Området ligg 1100-1200 moh. og har et volum på 120 000 – 180 000 m3. Dette er om lag ein prosent av det totale volumet av Mannen. Medan den årlege bevegelsen til Mannen er opptil 2 cm/år, har bevegelsen på Veslemannen vore opptil 1 m/år.
Daglege rapportar om bevegelsane vil bli publisert her
Fra GEO: Vil vannbombe Mannen
 
									 
					![window.adn = window.adn || {};
                adn.calls = adn.calls || [];
                adn.calls.push(function() {
                    adn.request({
                        network: "2cddc6",
                        adUnits: [{
                            auId: "2e0bfb",
                            auW: 1230,
                            auH: 480
                        }]
                    });
                });
            
			
        Økt farenivå for Mannen](https://geo365.no/wp-content/uploads/2015/09/Mannen-x-711-650x433.jpeg)