Skredfaren er kartlagtKartografi: NVE

Skredfaren er kartlagt

NVE overleverte kartet til kommunen tysdag 18. april. Kartet tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flaumskred. Dei kartlagde områda er Kalvåg, Bremangerbygda, Svarstad – Varpe, Berle, Hunskår, Skatestraumen, Kollset oppvekst, Davik, Ålfoten, Svelgen, Ytrehus, Sandvika, Nordbotnen og Sørbotnen.
– Kartlegginga gjev oss ny kunnskap om skredutfordringane i Bremanger. Faresonekartet syner at det ligg blant anna hus, sjukeheim og idrettshall innanfor 100-års faresona for skred, fortel Siss-May Edvardsen, sjefingeniør NVE.
Karta er enkle i bruk. Det er teikna ein felles faresone for dei aktuelle skredtypane, slik at kommunen berre treng å forholde seg til ein faresone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversikt over kva område som er skredutsatt.
– Med faresonekartet som NVE no har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, for å vurdere sikringstiltak og for bruk i lokal skredberedskap, seier Edvardsen.
Grunnlaget for faresonekartet er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse, klimaanalyse, tidlegare skredhendingar, synfaringar i felt og modellering av skreddynamikk. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytte dei i eigne verkty saman med andre kartdata.

X