Den 1. april overtok Olje- og energidepartementet forvaltningsansvaret for undersøking og utvinning av mineralførekomstar på kontinentalsokkelen.
Dette blei vedtatt i statsråd 31. mars. Forvaltningsansvaret var varsla på førehand.
Som fagdirektorat under Olje- og energidepartementet kjem også Oljedirektoratet til å få nye oppgåver som følgje av at forvaltaransvaret blei overført.
Fram til no har dette forvaltningsansvaret vore hjå Nærings- og fiskeridepartementet. Årsaken til overføringa er at Olje- og energidepartementet har lang erfaring med regulering og forvaltning på kontinentalsokkelen.
Til no har norske havområde i liten grad vore utforska med sikte på mineralførekomstar, og gjeldande lovverk er ikkje utforma for slik aktivitet. Styresmaktene arbeider difor med utkast til ei ny, moderne lov om mineralutvinning på kontinentalsokkelen. Denne blei sendt på offentleg høyring i går, 10. mai.
«OD er ein etat med mykje kunnskap om geologien på sokkelen, så dette er ei oppgåve som passar godt for oss. Vi gler oss til å ta fatt på denne jobben,» seier leitedirektør Sissel Eriksen.
OD har kartlagt petroleumspotensialet på norsk sokkel i mange år, og dette arbeidet har gitt ein del kunnskap om andre ressursar:
«Gjennom arbeidet med å kartleggje sokkelens yttergrenser, og særleg kartlegginga av havområda rundt Jan Mayen, har vi undersøkt og tatt prøvar av mineralar på havbotnen. Dette har vi gjort samtidig som vi har henta inn prøvar for å kunne vurdere potensialet for å finne olje og gass,» seier Eriksen.
Mineral på havbotnen som er økonomisk interessante ligg på store havdjup, frå 1500 til 3000 meter, og i område der det ikkje finst olje eller gass.
Mineralar på havbotnen kan delast inn i to grupper: sulfidmineralar langs spreiingsryggar og jern-manganskorper på bart fjell på havbotnen. Det er jernmanganskorpene OD har samla inn nokre av, og kjemiske analysar syner lovande resultat med tanke på «grøne mineralar», det vil seie metall som er viktige innan moderne kommunikasjonsteknologi og vindkraft.
«Sjølv om OD har kartlagt og tatt prøvar, har vi så vidt pirka i overflata. Vi har store oppgåver framføre oss der vi må bruke geofysiske målingar og ta prøvar av havbotnen med fjernstyrte undervassfarty (ROV, remotely operatet vehicle),» seier leitedirektøren.
OD har tidlegare hatt eit godt samarbeid med Universitetet i Bergen med bruk av denne teknologien.
«Elles er jo dette heilt nytt for oss – no må vi skaffe oss ei oversikt over kva den nye oppgåva betyr og korleis ho kan tilpassast ODs organisasjon,» seier Eriksen til slutt.