Close Menu
    Facebook LinkedIn
    Geo365
    Facebook LinkedIn
    BESTILL Login
    • Hjem
    • Anlegg og infrastruktur
    • Aktuelt
    • Bergindustri
    • Dyphavsmineraler
    • Miljø
    • Olje og gass
    • Geofunn
    Geo365
    Du er her:Home » Rogfast skal bruke seismikk
    Anlegg og infrastruktur

    Rogfast skal bruke seismikk

    Av Press Releasenovember 16, 2017
    Del denne artikkelen Facebook Twitter LinkedIn Email
    I Rogfast skal Statens vegvesen for fyrste gong i norsk vegtunneldrift ta i bruk seismikk for å undersøke dei forskjellige bergkvalitetane som skal forserast.
    Erik Jensen, til venstre, og Ahmed Al-Samarray gleder seg til å bruke seismikk under drivinga av Rogfast. Her er dei fotograferte då det blei gjennomslag i Ryfylketunnelen - ein av tre tunnelar i Ryfast. Foto: Statens vegvesen

    Erik Jensen, til venstre, og Ahmed Al-Samarray gleder seg til å bruke seismikk under drivinga av Rogfast. Her er dei fotograferte då det blei gjennomslag i Ryfylketunnelen - ein av tre tunnelar i Ryfast. Foto: Statens vegvesen

    Facebook Twitter LinkedIn Email

    Normalt blir det brukt kjerneboring for å vite kva bergkvalitet som ventar framover i tunnelen, ein teknologi som også skal brukast under bygging av Rogfast. Seismikk skal brukast som eit supplement.
    I juni for eit år sidan blei det utført eit testforsøk med å bruke seismikk i ein undersjøisk vegtunnel. Det var firmaet Amberg Noreg som utførde testen. Øyvind Riste frå Multiconsult er seniorgeolog for Ryfast-tunnelane, ein jobb han også skal ha for Rogfast.
    Positiv test
    – Ved begge dei to testlokalitetane i Hundvågtunnelen var dei seismiske forundersøkingane etter normal prosedyre – seismiske kablar lagt ut på sjøbunnen ved den eine lokaliteten og på terrengoverflata ved den andre lokaliteten. Desse undersøkingane indikerte begge nærværet av svakhetssoner i bergkvaliteten i det området der tunnelene skulle byggas, forklarar Riste, og fortsett:
    – Men testen vi utførde i samarbeid med Amberg Noreg indikerte berre ei kortare strekninga med litt dårleg berg, men ikkje så dårleg berg som forundersøkelsene indikerte. Dessutan indikerte seismikk framfor stuff (tunnelveggen der ein driv tunnelen framover) at partiet med dårleg berg var betre enn det forundersøkelsene indikerte. Dette viste seg å vere riktig då vi sprengde oss framover, seier Riste.
    Han er positiv til å bruke teknologien på Rogfast. – Eg trur vi med å bruke denne teknologien vil få meir nøyaktige data for forventa bergkvalitet inntil 150-200 meter føre tunnelstuffen, meiner seniorgeologen.
    – Vi skal lære opp våre eigne kontrollingeniørar til å bruke utstyret, og vi gleder oss til å bruke ein teknologi som vegvesenet ikkje har brukt tidlegare, seier prosjektleiar Tor Geir Espedal.
    Frå Ryfast til Rogfast
    Dei to som skal bruke utstyret er også spente på å bli dei fyrste i vegvesenet som skal teste ein teknologi som til no er mest vanleg i oljeleiting.
    – Det er spennande for oss å få bli med på Rogfast, som blir det neste store prosjektet etter Ryfast. At vi blir dei fyrste i Noreg som skal nytte seismikk i norsk tunneldriving er ei spennande utfordring. Vår erfaring kan hjelpe til at det blir brukt i andre prosjekt, seier kontrollingeniør Erik Jensen.
    Etter planen skal han og kollega Ahmed Al-Samarray få opplæring hos leverandøren Amberg Technologies i Sveits. Der har produsenten ein test- og øvingstunnel som blir brukt til blant anna opplæring.
    – Etter at vi har jobba i cirka tre og ei halvt år med tunneldriving på Ryfast, har vi erfart at drivinga tidvis har hendt utan at vi helt veit kva som ventar oss. Dette til tross for at det har blitt utført sonderboring for kvar fjerde salve, fortel Al-Samarray.
    Han og Erik Jensen meiner det kan ha samanheng med at dei seismiske forundersøkelsene gir data om bergkvaliteten like under bergoverflata på sjøbotnen og at det alltid vil være usikkert kva for bergforhold som på treffast i tunnelen 50-100 meter djupare.
    Opplæring i Sveits
    – Desse uklare utgangspunkta, gjer at vi ofte har blitt overraska av dårleg fjell utan å hatt nokre indikasjonar på det, seier Jensen.
    Begge har studert grunnleggjande seismikk på universitetet, og har interesse for faget.
    – Vi er spente på å få prøve ein ny metode for spå geologien og bergkvaliteten. Målet er at vi bestiller kjerneboring basert på resultata frå dei seismiske undersøkingaene på stuff. Entreprenøren, og ikkje minst kontrollørne, har større moglegheit til å førebu seg dersom det kjem ei dårleg sone, meiner Al-Samarray, og Jensen utdjupar: – Men behovet for kjerneboringa kan også eliminerast, dersom informasjonen om svakhetssone er så pass tydeleg at det gir ein god indikasjon på omfanget som er i vente. At seismikken skal kunne gi informasjon cirka 150 meter framover, er ein godt utgangspunkt.
    No ventar dei berre på å få opplæring i Sveits, og deretter får dei god tid på å lære å bruke utstyret i praksis. Den fyrste Rogfast-kontrakten er allereie kunngjord, og går alt etter planen går den fyrste salven av på ein toløps transporttunnel av i starten av 2018. – Vi gleder oss, seier Jensen og smiler.
    Vegvesen.no

    RELATERTE SAKER

    Starter utbedring av Strindheimtunnelen

    mai 12, 2025

    Manglende helhetlig kontroll

    mai 9, 2025

    Veien til bedre masseforvaltning

    mars 24, 2025
    KOMMENTER DENNE SAKEN

    Comments are closed.

    NYHETSBREV
    Abonner på vårt nyhetsbrev
    geo365.no: ledende leverandør av nyheter og kunnskap som vedrører geofaget og geofaglige problemstillinger relatert til norsk samfunnsliv og næringsliv.
    KONFERANSER

    Kan hente mer metall ut av smelteovnene
    May 14, 2025

    Kan hente mer metall ut av smelteovnene

    Hefaistos og Psamathe – Kan de gamle greske gudene redde dagens klimatragedie?
    May 12, 2025

    Hefaistos og Psamathe – Kan de gamle greske gudene redde dagens klimatragedie?

    Tre uker gjenstår
    May 09, 2025

    Tre uker gjenstår

    En underkommunisert faktor for CCS
    May 07, 2025

    En underkommunisert faktor for CCS

    Oppnådde gjev status
    May 06, 2025

    Oppnådde gjev status

    OLJEPRIS
    BCOUSD quotes by TradingView
    GULLPRIS
    GOLD quotes by TradingView
    KOBBERPRIS
    HG1! price by TradingView
    GeoPublishing AS

    GeoPublishing AS
    Trollkleiva 23
    N-1389 Heggedal

    Publisher & General Manager

    Ingvild Ryggen Carstens
    ingvild@geopublishing.no
    cell: +47 974 69 090

    Editor in Chief

    Ronny Setså
    ronny@geopublishing.no
    +47 901 08 659

    Media Guide

    Download Media Guide

    ABONNEMENT
    © 2025 GeoPublishing AS - All rights reserved.

    Trykk Enter for å søke. Trykk Esc for å avbryte.