«Er du petroleumsgeolog? Tenker du ikkje på framtida til planeten? Og til barna dine?»
Aviser skriv om barnefattigdom, svolt, krig, insektdød, plast i sjøen, multiresistente bakteriar, flyktningkriser og Trumps siste krumspring mot Iran.
Slik innleder petroleumsgeolog Sara Elvelund Sandvik en kronikk på nrk.no.
Nye prospekt, nye brønnar, nye funn, nye felt. Min avdeling skal gjere store oljefunn i Barentshavet. Helst skal dei vere så store at me kan setje i gang nye storstilte, kostbare utbyggingar med plattform, undervannsinstallasjonar, supplybåtar, kanskje røyrleidningar på havbotnen og alle skruar og mutrar som følger med.
Det er det som er målet, skriver hun.
Dette driv me på med samstundes som at det ropast at det siste me eigentleg treng er meir oljeavleia CO₂ i atmosfæren.
Det betyr at dess betre eg gjer jobben min, dess raskare kjem ragnarok, eller global oppvarming til å gjere irreversible skadar på oss og miljøet. For alle er einige om at meir oljebrenning betyr meir CO₂ i lufta, som betyr meir oppvarming, som er skadeleg for oss og derfor uønskt.
Men er det så enkelt? Vil det hjelpe på klimakrisa at me legg ned oljeverksemda vår? Det hadde jo vert fantastisk i tilfelle, spør hun.