Faren for store områdeskred er kartlagt for fire kommunar i Møre og Romsdal fylke: Giske, Sula, Sykkylven og Ålesund.
Totalt tre potensielt skredfarlege kvikkleiresoner med tilhøyrande utløpssoner er lokalisert i dei tre kommunane.
I tillegg er det utarbeidd aktsemdskart for områdeskred i kommunane, skriver nve.no.
– Rapporten vil gje store forbetringar i arealplanarbeidet og gje eit godt grunnlag for å redusere faren for områdeskred i dei kartlagde kommunane, seiar regionsjef ved NVE Region Vest, Brigt Samdal. Rapportane vil bli publisert på NVE sine nettsider i løpet av dei nærmaste dagane.
Grunnlaget for kvikkleiresonene er kart- og terrenganalyser, synfaringar i felt og grunnundersøkingar. Karta er produsert i digital form og inngår i det offentlige kartgrunnlaget (DOK), slik at kommunane og andre kan nytte dei i eigne verktøy saman med anna kartdata. Dessutan er det laga ei eiga kartløysing for «aktsemdkart-områdeskred» for kommunane.
NVE understreker at oversiktskartlegginga ikkje er ei utfyllande kartlegging for alle områder der kvikkleire vert påvist og at kartlegginga har hatt fokus på eksisterande busetnad og moglege erosjonskjelder. I områder under marin grense (tidlegare havnivå) vil kvikkleire generelt kunne eksistere utanom kartlagde faresoner, i større områder eller i avgrensa lommer.
Sjå kvikkleiresoner på kart for dei fire kommunane på NVEs nettstad.
![var rnd = window.rnd || Math.floor(Math.random()*10e6);
var pid980600 = window.pid980600 || rnd;
var plc980600 = window.plc980600 || 0;
var abkw = window.abkw || '';
var absrc = 'https://servedbyadbutler.com/adserve/;ID=188736;size=0x0;setID=980600;type=js;sw='+screen.width+';sh='+screen.height+';spr='+window.devicePixelRatio+';kw='+abkw+';pid='+pid980600+';place='+(plc980600++)+';rnd='+rnd+'';
var _absrc = absrc.split("type=js"); absrc = _absrc[0] + 'type=js;referrer=' + encodeURIComponent(document.location.href) + _absrc[1];
document.write('');
Kvikkleire på Sunnmøre](https://geo365.no/wp-content/uploads/2014/04/skisse616.jpg)