Flaum og skred kan medføre store utfordringar for dei som blir råka, og regjeringa prioriterer folks tryggleik.
– Å sikre liv, helse og verdiar er grunnleggande. Derfor har regjeringa sidan vi tiltredde prioritert arbeidet med førebyggande tiltak mot flaum- og skredskadar. Forslaget om å løyve 350 millionar kroner til flaum- og skredførebygging i regi av NVE vil gjere oss betre rusta til å møte utfordringane med auka nedbør og naturskadar, seier olje- og energiminister Tord Lien.
Regjeringa foreslår å knytte 100 millionar kroner av løyvinga til tiltak på Sør- og Vestlandet som raskt kan setjast i gang og som vil bidra til å stimulere til auka aktivitet og sysselsetting i regionen. Dette gjer det mogleg å forsere innsatsen der flaum- og skredsikringsprosjekt allereie er planlagt, mellom anna i områda som blei ramma av ekstremveret «Synne».
Endringar i klimaet kan medføre endringar i kvar og når store nedbørsmengder kjem. Tidleg førebygging og sikring i område med fare for store skadar frå flaum eller skred er viktig og lønnsamt for samfunnet. Satsinga på førebyggande arbeid over budsjettet til Norges vassdrags- og energidirektorat vil bidra til å gjere oss betre førebudd på å møte desse endringane.
Olje- og energidepartementet har det statlege forvaltningsansvaret for flaum og skred med Norges vassdrags- og energidirektorat som operativ myndigheit. Kommunane har eit overordna ansvar for å sikre sine innbyggarar.
Pressemelding

![window.adn = window.adn || {};
adn.calls = adn.calls || [];
adn.calls.push(function() {
adn.request({
network: "2cddc6",
adUnits: [{
auId: "2e0bfb",
auW: 1230,
auH: 480
}]
});
});
Prioriterer flom- og skred-sikring](https://geo365.no/wp-content/uploads/2016/10/Stortinget-650x433.jpg)