Close Menu
    Facebook LinkedIn
    Geo365
    Facebook LinkedIn
    BESTILL Login ABONNÉR PÅ NYHETSBREV
    • Hjem
    • Anlegg og infrastruktur
    • Aktuelt
    • Bergindustri
    • Dyphavsmineraler
    • Miljø
    • Olje og gass
    • Geofunn
    • Download Media Guide
    Geo365
    You are at:Home » Satsar på kystnær kartlegging
    Miljø

    Satsar på kystnær kartlegging

    By Press Releaseoktober 7, 2019
    Del denne artikkelen Facebook Twitter LinkedIn Email
    Regjeringa gjer framlegg om å løyve 13,8 millionar kroner i 2020 til eit prosjekt om kystnær kartlegging.

    - Arbeidet vil vere starten på noko som kan bli eit komplett og solid kunnskapsgrunnlag for forvalting av kystsona i Noreg, seier direktør May Britt Myhr. Foto: Gudmund Løvø

    Facebook Twitter LinkedIn Email

    – Vi veit for lite om kordan det ser ut under havoverflata langs Norskekysten. Regjeringa vil derfor gjere ein ekstra innsats for betre kartlegging av ressursane i kystsona. Det vil gje oss betre næringsutvikling, miljøvern og ein meir berekraftig forvalting av kystsona, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland i samband med forslaget til statsbudsjett for 2020.

    Ho fortel at den nye satsinga inneber ei investering på til saman 84, 6 millionar kroner over tre år, og at dette skal finansisast i eit spleiselag med kommunar, fylke og offentlege etatar. Noregs geologiske undersøking (NGU) er ein av partnarane som vert tilgodesett.

    – Dette er vi særs glade for, seier direktør May Britt Myhr ved NGU, – arbeidet vil vere starten på noko som kan bli eit komplett og solid kunnskapsgrunnlag for forvalting av kystsona i Noreg.

    Tre pilotområde

    Samarbeidsprosjektet, som er arbeidd fram av NGU, Havforskingsinstituttet (HI) og Kartverket, vert altså forankra i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og skal strekke seg over tre år.

    – Ja, dette er eit pilotprosjekt som vi har arbeidd ganske lenge med å få på plass, seier leiar Reidulv Bøe ved NGU sitt maringeologiske lag.

    – Fram til og med 2022 skal vi kartleggje nye Stavanger kommune, som frå årsskiftet òg dekkjer Finnøy og Rennesøy, Nordre Sunnmøre, som mellom anna inkluderer nye Ålesund kommune, og Skjervøy og Kvænangen kommunar i Troms, forklarer Bøe.

    Økonomisk verdi

    Spesialrådgjevar Jan Høst ved NGU fortel at ein forenkla samfunnsøkonomisk analyse frå selskapet Metier har synt at nye marine grunnkart i dei tre føreslegne pilotområda vil ha stor økonomisk nettoverdi.

    – I tillegg kjem positive effektar i sysselsetjing, kunnskapsbasert forvalting, berekraftig miljøvern, tryggleik og beredskap, påpeikar Høst.

    I framlegget frå regjeringa er det lagt opp til eit spleiselag. Staten skal etter alt å døme løyve halvparten av kostnadene. Resten av pengane vert skaffa til veie av kommunane og fylka, og av dei tre utøvande institusjonane.

    Nasjonalt program

    Prosjektet skal kartlegge både botntilhøve, biologi og geologi i nære kystområde, og utarbeide kart- og datatenester fritt tilgjengeleg for alle. Kartlegginga skal gå føre seg frå fjæresteinane til ei nautisk mil utanfor grunnlinja. Prosjektet omfattar også testing og utvikling av nye metodar som kan gje auka framdrift i datafangst og ressurskartlegging.

    – I dag er berre ti prosent av kystområda våre kartlagd med omsyn til dei geologiske kartprodukta som skal utarbeidast. Vi voner at vi kan finslipe eit effektivt samarbeid mellom Kartverket, HI og NGU. Når vi har levert gode og brukarvenlege produkt frå dette pilotprosjektet, er målet å etablere er eit nasjonalt program som kan dekkje heile kysten vår, frå Grense Jakobselv til Svinesund, seier NGU-direktør May Britt Myhr.

    I framlegget til statsbudsjett for 2010 føreslår regjeringa samstundes ein samla reduksjon i løyvingane til kartleggingsprogrammet MAREANO på 10,8 millionar kroner. Dette programmet kartlegg norske havområde i eit samarbeid mellom NGU, HI og Kartverket.

    Related Posts

    Grønnvasking som nytter

    oktober 30, 2025

    Hva skjer med Grønlands innlandsis under oppvarming?

    juni 6, 2025

    Hydrogen: Ikke gitt at grønt er best for miljøet

    april 22, 2025
    Add A Comment

    Comments are closed.

    NYHETSBREV
    Abonner på vårt nyhetsbrev
    geo365.no: ledende leverandør av nyheter og kunnskap som vedrører geofaget og geofaglige problemstillinger relatert til norsk samfunnsliv og næringsliv.
    KONFERANSER

    A Digital Trailblazer Candidate: Anders Waldeland
    Oct 30, 2025

    A Digital Trailblazer Candidate: Anders Waldeland

    Karlsen & Hanken mangler fysisk forklaring
    Oct 28, 2025

    Karlsen & Hanken mangler fysisk forklaring

    Tilfører ny forståelse til sokkelen og fastlandsgeologien
    Oct 27, 2025

    Tilfører ny forståelse til sokkelen og fastlandsgeologien

    Norsk jord granskes for cesium‑137 
    Oct 22, 2025

    Norsk jord granskes for cesium‑137 

    Slik så Norge ut i ordovicium
    Oct 20, 2025

    Slik så Norge ut i ordovicium

    Pasties, piskies, pegmatites… and Pliny
    Oct 31, 2025

    Pasties, piskies, pegmatites… and Pliny

    The value of seismic attributes and the value of having your own business
    Oct 30, 2025

    The value of seismic attributes and the value of having your own business

    The human touch in reservoir modelling
    Oct 29, 2025

    The human touch in reservoir modelling

    Harnessing AI-driven analytics for subsurface insights in East Coast Peninsular Malaysia
    Oct 28, 2025

    Harnessing AI-driven analytics for subsurface insights in East Coast Peninsular Malaysia

    Subsurface noise, Issue 4, 2025
    Oct 27, 2025

    Subsurface noise, Issue 4, 2025

    OLJEPRIS
    BCOUSD quotes by TradingView
    GULLPRIS
    GOLD quotes by TradingView
    KOBBERPRIS
    Track all markets on TradingView
    GeoPublishing AS

    GeoPublishing AS
    Trollkleiva 23
    N-1389 Heggedal

    Publisher & General Manager

    Ingvild Ryggen Carstens
    ingvild@geopublishing.no
    cell: +47 974 69 090

    Editor in Chief

    Ronny Setså
    ronny@geopublishing.no
    +47 901 08 659

    Media Guide

    Download Media Guide

    ABONNEMENT
    NYHETSBREV
    Abonner på vårt nyhetsbrev
    © 2025 GeoPublishing AS - All rights reserved.

    Type above and press Enter to search. Press Esc to cancel.