“Armageddon in the Oceans”

“Armageddon in the Oceans”

Undersjøiske skred har spela ei sentral rolle i den sein-neogene utforminga av den nordaust-atlantiske kontinentalmargin. Storeggaskredet, som gjekk vest av Møre for 8200 år sidan, er rekna som eit av dei største skreda verda har sett. Imidlertid har ein no kartlagt eldre skred på Bjørnøyvifta som er omlag ti gongar større enn Storeggaskredet.

Dei siste par åra har spaningsromanen Der Schwarm, av den tyske forfattaren Frank Schätzing (Fischer Taschenbuch Verlag, 2005), seld i store opplag i ein rekkje land. I boka spelar den norske kontinentalmarginen ei sentral rolle der skred og tsunamiar øydelegg store deler av Norskekysten. På tross av gjennomgåande fantasifulle skildringar inneheld boka mykje som skriv seg frå ny marin forskning. Mellom anna opptrer fleire tyske professorar, som har godt vitskapleg omdøme, under eige namn i boka. Den engelske utgåva blei meldt over ei heil side i Science (v. 314, p. 1546) under tittelen «Armageddon in the Oceans».

Det er tydelege, og talrike, spor etter skred langs den norske kontinentalskråninga. Fleire norske og utanlandske forskargrupper har studert desse fenomena. Særleg har Storeggaskredet fått merksemd på grunn av sin storleik og avdi det store olje- og gassfeltet Ormen Lange ligg i skredgropa. I den store Bjørnøyvifta, på skråninga vest av Barentshavet, er det og rapportert om skred i, og nær, havbotnen. Samstundes med at Schätzing arbeidde med boka si byrja ein ved Institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen å arbeide med ei regional seismisk undersøkjing av dei kenosoiske sedimentsekvensane frå eggakanten til godt inn i det oseane Lofotenbassenget. Dei seismiske profila var av sers god kvalitet og viste tre enorme masseforflyttingar. Etter at vi hadde kartlagd skredmassane rekna vi ut areal og sedimentvolum for skredhendingane.

Den seismiske linja vist i figuren syner at dei tre skreda er begravd av yngre sediment, og i nokre tilfelle, av yngre skredmassar. Skredhendingane har slike dimensjonar at ein kan kalle dei mega-skred. Seismikken syner at dei to største skreda inneheld opp til 500 meter mektige einingar av skredmasse. Desse skreda synes å ha hatt ei retrograd utvikling. Det vil seie at skreda har starta nede på skråninga og så ete seg bak-, og oppetter, mot eggakanten. Skredmassane dekker eit areal på opptil 120 000 km2 og inneheld 25 000 km3 med sediment. I tabellen er skreda på Bjørnøyvifta, BFSCI, BFSCII og BFSCIII, samanlikna med Storeggaskredet. I høve til Storeggaskredet, har i alle fall to av skreda på Bjørnøyvifta flytta massar som er ei storleikseining større.

Dei stratigrafiske tilhøva på Bjørnøyvifta og nærliggjande område viser at skreda er mykje eldre enn Storeggaskredet. Sjølv om skredhendingane ikkje kan daterast nøyaktig, har vi tidfesta skreda til perioden mellom 1.0 og 0.2 millionar år.

Kva er det som har utløyst desse mega-skreda? Noko fasitsvar ligg ikkje føre, men vi peiker på nokre faktorar som truleg spelar inn. Dei nordlege nedisingane som tok til for omlag 2.6 millionar år sidan førte til auka sedimantasjonsrater. Dette førte til at Bjørnøyvifta, som strekker seg frå eggakanten og langt inn i Lofotenbassenget, bygde seg relativt raskt opp og ut på det pre-glasiale underlaget av mjuke og finkorna sediment. Slik fekk ein ulike fysiske eigenskapar mellom dei glasiale og dei pre-glasiale sedimentpakkane. Ei slik setting kan ha ført til auka poretrykk og ustabile sedimentmassar, noko som igjen kan gje oppgav til skred og utglidningar. Den raske avsetjinga av store mengder glasiale sediment på ei kontinentalskråning kan i seg sjølv skape ustabilitet som kan utløyse masserørsle. Ein ekstern triggarmekanisme kan imidlertid ha medverka til sjølve skredutløysinga. Ein slik triggarkandidat kan vere jordskjelv. Det vart nyleg registrert eit skjelv med magnitude 6.1 i Storfjorden på Svalbard – eit prov på at skjelv som utløyser relativt mykje energi førekjem i nærområdet. Ein annan mekansimse kan vere gasshydratar, der endring i trykk og temperatur kan påverke stabiliteten til sedimenta.

Sjølv om arbeidet med dei undersjøiske skreda ikkje kan samanliknast med boka til Schätzing når det gjeld fantasifulle hendingar, er det meir enn nok av faglege utfordringar. Det er framleis mange uløyste spørsmål; særleg når det gjeld tidfesting, relasjonen til glasiasjonar og deglasiasjonar, og utløysningsmekanismar. Eit vitskapleg djupboringstransekt gjennom eit skredområde er ein draum som vil kunne gje mange svar om stabilitet og prosessar på kontinentalskråninga.

Meir informasjon om skreda på Barentshavsmarginen kan ein finne i Hjelstuen B.O.,

Eldholm O. & Faleide J.I., 2007. «Recurrent Pleistocene mega-failures on the SW Barents Sea Margin«, Earth and Planetary Science Letters, 258, 605-618. Når det gjeld Stor-eggaskredet viser vi til Haflidason H., Lien R., Sejrup H.P., Forsberg C.F. & Bryn P., 2005. «The dating and morphometry of the Storegga Slide«, Marine and Petroleum Geology, 22,  125-136.

Skred Areal (x 103 km2) Volum (x 103 km3) Alder (Ma)
BFSC I 115 25.5 0.78-1.0
BFSC II 120 24.5 0.5-0.78
BFSC III 66 11.6 0.2-0.5
Storeggaskredet 95 <3.2 0.0082
711x652_ID197_1

Seismisk profil (øverst) og tolkning (nederst) som syner skredmassane (BFSCI-III) på den vestlege Barentshavsmarginen. R7-R1 er tolka reflektorar av plio-pleistocen alder, der reflektor R7 er omlag 2.6 millionar år gamal og representerer overgangen frå pre-glasiale til glasiale sediment. Bjørnøyvifta er merka med raud farge på kartet, medan Storeggaskredet er merka med gult.

Skrevet av Berit Oline Hjelstuen, Jan Inge Faleide, Olav Eldholm

COMMENTS

WORDPRESS: 0
X