Frå Ramnefjellet i Loen gjekk det sju store fjellskred i perioden 1905-1950 (Tabell 1), og den 15. januar 1905 og 13. september 1936 skjedde to av dei største naturkatastrofane i Noreg i nyare tid. Den første ulukka vart minna med eit skredseminar på Hotell Alexandra i Loen den 14. januar og ei markering ved Loen kyrkje på hundreårsdagen for ulukka den 15. januar i år.
Fjellskreda i 1905 og 1936 førte til store flodbølgjer i Lovatnet (Jørstad, 1968) og til saman 135 personar omkom i dei to ulukkene. Til saman har det falle ned vel 3 millionar kubikkmeter fjell frå Ramnefjellet sidan 1905.
Ei januarnatt i 1905
Søndag kveld den 15. januar ein gong mellom kl. 23.00 og 24.00 høyrdest to smell frå Ramnefjellet. Eit steinskred med eit volum på omlag 50.000 kubikkmeter fall ned frå omlag 500 meters høgde over Lovatnet og utløyste omlag 300.000 kubikkmeter med morene og urmassar ved foten av skråninga. Den utløyste delen av fjellveggen vart estimert til å ha vore omlag 10 meter tjukk, 100 meter høg og 50 meter brei. Skredet etterlet seg eit portal-forma, overhengande ras-sår omlag 500 m o.h. Steinskredet genererte ei svær flodbølgje. På Nesodden hadde bølgja ei maksimal høgde på 40,5 meter over vassnivået i Lovatnet, og ein dampbåt (‘Lodalen’) vart løfta 17 m vertikalt og flytta 350 m innover.
Nesodden kløyvde bølgja i to; den eine delen gjekk utover mot Bødal, den andre innover mot Nesdal. I Bødal nådde bølgjene ei høgd på 14,5 m og alle husa som vart råka av bølgjene vart fullstendig øydelagde. Eit par løer og nokre små fjøs stod att. 24 personar omkom i Bødal den natta, og 3 dei neste dagane av skadane dei fekk eller av lungebetennelse.
Berre husa i Gjerstun og Raudi, som låg 200 m lenger oppe frå vatnet, var uskadde.
I Ytre Nesdal nådde bølgjene på det meste ei høgd på 15,5 m, og alle dei 34 som budde på dei fem gardane i Ytre Nesdal omkom. I Bødal og Nesdal omkom til saman 61 av 121 menneske som budde i dei to grendene. Av desse var det berre 9 som vart funne att. I Ytre Nesdal vart alle husa sopa på vatnet, medan Indre Nesdal kom betre frå det, sjølv om husa begge stader låg attmed vatnet.
Til minne om dei 52 som fekk si grav i vatnet vart det reist ein omlag fem meter høg minnestein på det høgaste punktet på Nesodden. Steinen, som vart avduka den 13. juni 1905, vart øydelagd av flodbølgja under det store fjellskredet 31 år seinare.
Ved utløpet av Lovatnet, 8,5 km mot nordvest, nådde bølgjene ei høgd på 5,8 meter og øydela brua over elva. Bortsett frå ein, vart alle 80 båtane på vatnet øydelagde. I 1905 var det ikkje veg langs vatnet. Den einaste måten å kome til dei øydelagde gardane i Bødal og Nesdal var lang ein smal og kronglete sti som fekk store skadar under ein storm like etter ulukka.
Eit drøgt halvt år etter den store ulukka fall falt det igjen store fjellmassar ned frå ei høgde på om lag 400 m og genererte ei flodbølgje med ei høgde på meir enn 15 m. Heldigvis vart ingen drepne.
Nokre snakka om å flytte frå dalen etter ulukka den 15. januar 1905. Likevel vart alle gardstuna bygde opp att, men lenger frå stranda.
Den 13. september 1936 rasa Ramnefjellet på nytt.
Vakna av kraftig smell
Det første av fjellskreda i 1936, som inneheldt omlag 1 million kubikkmeter fjell, vart utløyst i halvfem-tida om morgonen den 13. september. Det høyrdest som eit kraftig smell frå Ramnefjellet. Medan bølgja i 1905 delte seg mot Nesodden, gjekk ho no rett over og skôla over heile Bødal. Den maksimale bølgjehøgda ved Nesodden var 74,2 m, 33,7 m høgare enn i katastrofeskredet i 1905.
Restane etter dampbåten ‘Lodalen’, som låg 17 m over Lovatnet sitt nivå, vart løfta 33 m høgare (50 m over vatnet), til ein posisjon 350 m frå stranda.
I Bødal vart alle dei ni gardane som vart bygde opp igjen lenger frå vatnet enn før ulukka i 1905, fullstendig øydelagde. I tillegg vart både Gjerstun og Raudi, som stod att etter flodbølgja i 1905, øydelagde. I Bødal omkom 44 personar av skadane dei fekk av flodbølgja, som nådde ei maksimal høgde på 44,9 m.
I Indre Nesdal vart 3 av 7 gardar øydelagde, og 23 personar vart drepne av flodbølgja som her nådde ei maksimal høgde på 23,2 m. Medan alle gardsbruka i Ytre Nesdal vart sopa på vatnet i 1905, vart desse ståande att fordi dei var bygde opp att lenger frå vatnet. Øvste kanten på flodbølgja gjekk heilt inntil huset på eit av dei øvste gardsbruka. Underbruket Fredsvoll, som var bygd opp att på dei gamle tuftene nede ved vatnet etter fjellskredet i 1905, var den første heimen i Nesdal som vart øydelagd. Alle dei tre som budde i huset omkom.
Det var Indre Nesdal det gjekk verst utover denne gongen. To gardsbruk vart sopa på vatnet og alle omkom, til saman 23 menneske. Bruk nr. 2, som låg noko lenger frå vatnet, vart ståande. I dei husa som vart tekne av flodbølgja i Nesdal var det ingen som overlevde. Sjølv om alle husa i Bødal vart øydelagde, var det likevel nokon som ved eit mirakel overlevde. Anders E. Bødal som budde i bruk nr. 1 overlevde begge ulukkene i 1905 og 1936. To andre gardar, Hogrenning (underbruket Sanden) og Vassenden (underbruket Osneset), vart også øydelagde og to personar vart drepne på kvart av dei to bruka. På Vassenden, 8,5 km frå Ramnefjellet, var flodbølgjene opptil 12,6 m høge.
Opphaveleg var Nesodden dekka med morene og dalsida under Ramnefjellet med morene og skredmassar. Flodbølgjene skylde vekk jordmassane, og bart fjell og store steinar vart igjen. I alt omkom 74 menneske under fjellskredet i 1936, og omlag 100 hus, medrekna nausta, vart øydelagde. Berre naustet på Helset stod att. Alle båtane rundt vatnet sokk eller vart smadra. Båtane til Lodalens Dampbåtlag; dampbåten ‘Lodølen’, motorbåten ‘Bødal’ og to slepeskuter sokk. Einaste unntaket var motorbåten ‘Kjendal’ som vart kasta på land. Denne fekk berre mindre skade og vart sett inn i hjelpearbeidet. Haugen og Sæten Elektrisitetsverk som stod ved Loelva vart øydelagd saman med ein verkstad, eit sagbruk, 5-6 kvernhus og restauranten ved Kjenndalssanden. Brua over Bødalselva vart kasta omlag 150 m innover land, og dei tjukke jarnbjelkane vart sterkt vridne.
Berggrunnsgeologi og fjellsprekker
Fjellgrunnen i området er dominert granittiske gneisar med årar og lag med skifrig amfibolitt, rik på glimmer med innslag av kloritt og svovelkis. I den nordlege delen av ras-såret heller foliasjonsplanet 40-50o i austleg retning, medan det er snudd omlag 40o i den sørlege delen. Fjellmassane i resten av den sørlege delen av rasområdet kviler på meir stabil fjellgrunn.
Arne Bugge skreiv i 1936 om ei mineralomdanning i nokre av dei skifrige amfibolittlaga, og han meinte at det første fjellskredet var utløyst av ein kollaps i eit av dei omdanna sonene.
I tillegg til foliasjonen er det nord/sørgåande sprekker som skrånar bratt (omlag 80o) mot vest og ned mot vatnet. Sprekkemønsteret kan følgjast sørover fleire kilometer opp Nesdalen.
Skildringar etter fjellskreda i 1905 og 1936 indikerar at stort vasstrykk i dei vertikale sprekkene kan ha vore den utløysande faktoren. Augevitnar fortalde om store vass-sprutar etter raset frå sprekker med omdanna mineral. Desse vass-sprutane kom etter utfall av små mørke steinar og grus frå dei same sprekkene. Vass-sprutane kom i pulsar, der kvar puls varte i 1-2 minutt med 6-7 minutt imellom. Dette store vasstrykket kan ha vore i samband med vassfylte vertikale sprekker i fjellmassivet bak ras-såret.
Ras på ras
Seinare i 1936, natta mellom 21. og 22. september, kom eit nytt ras frå Ramnefjellet. Båra slo 150 m innover Nesdal. To båtar fôr på vatnet saman med ein del lausøyre. Sidan det ikkje lenger budde folk langs vatnet, vart ingen skadde. Søndag 20. september, altså to dagar før, var det samla mellom 5000 og 6000 menneske i dalen som ville sjå spora etter ulukka den 13. september. Hadde fjellskredet kome då, ville det ha vorte ei forferdeleg katastrofe.
Tysdag 6. oktober gjekk det eit nytt ras og to båtar vart øydelagde. Det gjekk fleire småras utover hausten og den 9. november vart dalen på nytt fylt av steinrøyk etter fjellskred og kl. 02.00 den 11. november kom det tre fjellskred tett etter kvarandre. Skredet den 11. november var større enn katastrofeskredet den 13. september, med meir enn 1 million kubikkmeter. Dette fjellskredet, som kom frå 800 meters høgde, genererte ei flodbølgje med ei maksimal høgde på meir enn 74 m, men ingen vart drepne. Båra slo over Nesodden, og gjekk like høgt i Bødal og Nesdal som under fjellskredet den 13. september.
Nedover langs Lovatnet gjekk bølgja mange stadar høgare. Ti nye robåtar som var komne opp i Lovatnet vart øydelagde. Motorbåten ‘Kjendal’ sank. Ei ny bru som var sett opp på Sæten ved utløpet av Lovatnet vart teken og det vart gjort skade på vegen og på telefonstolpar. Garden Nesdal vart ikkje gjenreist etter fjellskreda i 1936.
Fjellskredet i 1950
Etter skreda i 1936 kom det av og til nokre småras frå Ramnefjellet. Hausten 1949 byrja det å rase jamleg. Det var lite aktivitet utover vinteren, men om våren tok det til å rase igjen. I byrjinga av juni kom det nokre større steinras. Ein kunne no observere at ein sprekk, som stod att etter 1936, vart større for kvar dag.
Den 17. juni fall ytste toppen på fjellstykket ned og det var tydeleg at ein kunne vente eit større ras kva dag som helst, og bare fem dagar seinare kom skredet. Fjellskredet var på 0,5-1 million kubikkmeter og kom frå omlag 800 meters høgde. Fordi Lovatnet under Ramnefjellet var nesten fylt opp av skredmassar frå dei tidlegare skreda (vassdjupet var berre 8-10 m), vart bølgja berre omlag 15 m høg.
I Nesdal slo vatnet eit par hundre meter innover land, og i Bødal omlag femti meter. To personar som var ute på Lovatnet i ein robåt og fiska, rodde det dei kunne vekk frå land og ut mot midten av vatnet. Dei såg båra langs land, medan der ute som dei låg, var det nesten roleg då tsunamien passerte under dei. Flodbølgja slo opp i ei høgd av 7-8 meter ved Vassenden ved utløpet av vatnet. Vegen vart øydelagd i ei lengd på omlag 100 m, og ei 30 m lang bru vart øydelagd av bølgja. Ingen omkom under dette fjellskredet.
Skrevet av Atle Nesje