Close Menu
    Facebook LinkedIn
    Geo365
    Facebook LinkedIn
    BESTILL Login ABONNÉR PÅ NYHETSBREV
    • Hjem
    • Anlegg og infrastruktur
    • Aktuelt
    • Bergindustri
    • Dyphavsmineraler
    • Miljø
    • Olje og gass
    • Geofunn
    • Download Media Guide
    Geo365
    You are at:Home » Geomiljøet har seg sjølv å takke
    Olje og gass

    Geomiljøet har seg sjølv å takke

    By Guest Authordesember 15, 2020
    Del denne artikkelen Facebook Twitter LinkedIn Email
    Statens vegvesen og andre byggherrar har eit klart ansvar for å unngå skade eller rasering av verneverdig natur.

    Fra Risørvegen. Foto: Jone Strømsvåg

    Facebook Twitter LinkedIn Email

    Rundt omkring i landet finst det svært mange geologiske førekomstar som har verdi som typelokalitetar, demonstrasjonsobjekt, studiar av geologiske prosessar eller kulturhistorisk interesse. Utbygging av infrastruktur representerer ein fare for at verneverdig geologi påførast skade eller blir rasert.

    Når eg møter geologar i Norsk Geologisk Forening blir eg ofte mint om dette problemet, og at den ein og andre gode lokaliteten utan varsel har blitt borte etter opning av ny veg. Statens vegvesen og andre byggherrar har eit klart ansvar for å unngå skade eller rasering av verneverdig natur. Vegnormalane og rettleiingar i Statens vegvesen fokuserer tydeleg på vern av viktige naturtypar. Tilsvarande ansvar er nedfelt i Plan og bygningslova. Men hovudproblemet er at bare ganske få geologar innan kvart sitt felt har god nok kjennskap til kor dei viktige førekomstane finst, særleg dei som ikkje ennå er verna.

    «Geologisk arv» er eit kartsystem ved NGU som gir oversikt over verneverdig geologi.

    Databasen omfattar verna lokalitetar, men det meste er forslag til vern. NGU presiserer at datagrunnlaget ikkje er komplett og at det er faglege manglar i datasetta. NGU oppmodar om at «Vi tar gjerne mot forslag til rettelser og nye områder som bør legges inn». I lys av to eksempel vil eg hevde at det nå er på tide med ein meir fokusert innsats frå geologimiljøet for å få alle viktige lokalitetar registrert.

    På Rød på Risørvegen nær E18 finst det ein internasjonalt kjent klassisk lokalitet av cordieritt-orthoamfibol gneis. Lokaliteten har vore kjent svært lenge og vil i lang tid framover vere viktig for å forstå geologiske prosessar som var aktive for over én milliard år sidan. Rød blei blant anna besøkt under ekskursjonar arrangert av International Geological Congresses i 1960; av NATO Advanced Study Institute i 1984 og elles av universitet i inn og utland.

    Lokaliteten er ikkje registrert i kartsystemet Geologisk arv, men vil bli meldt inn snart. I samband med utbetring av Risørvegen var det ein viss fare for skade på lokaliteten. Reint tilfeldig blei eg orientert om dette, og med god hjelp av veggeolog Jone Strømsvåg i Agder og brev til prosjektet frå Jacques Touret og Timo Nijland er det nå lagt inn ei hensynssone omkring denne viktige lokaliteten. Det skal etablerast ein gang og sykkelsti rett inntil med muleg behov for litt spreidd bolting for å sikre enkeltblokker mot nedfall. Ein vil gå forsiktig fram og det vil ikkje bli sprengt.

    Nyleg oppdaga geologar at den klassiske lokaliteten med alunskifer under Akershus festning var blitt dekt med sprøytebetong. Dette har naturlegvis skapt ein god del misnøye og frustrasjon i geologimiljøet. Per i dag er likevel litt av dei kambriske sedimenta synlege. Lokaliteten har vore kjent i alle fall sidan Baltazar M. Keilhau si tid i første halvdel av 1800-talet, og er svært mykje brukt i samband med undervising og konferanseekskursjonar. Behovet for sikring er knytta til langtidsstabilitet av festningsmuren som delvis kviler på sterkt forvitra alunskifer. Forvitringa fortsetter og kan i det lange løp forringe fundamentet til sjølve muren. Sprøytebetongen vil likevel bremse opp forvitringsreaksjonane.

    geo365.no: «Av hensyn til publikum«

    Ein bør merke seg at heller ikkje denne klassiske lokaliteten på Akershusstranda er registrert i Geologisk arv, så den ansvarlege byggherren har nok i dette tilfellet handla i god tru. Og dette er mitt hovudpoeng, nemleg at mange verneverdige geologiske lokalitetar ennå ikkje er vist i kartverk som nyttast som planverktøy. Dei som planlegg veg, inklusive meg sjølv som geolog med stor interesse for vern, har rett og slett ikkje tilgang til all relevant informasjon over det ganske land. Det er tilfeldighetane som rår. Det er ganske få geologar eller kanskje ingen som har god nok oversikt. Geomiljøet har faktisk seg sjølv å takke for situasjonen. Av den grunn må heile geomiljøet nå vakne opp til dugnad slik at alle verdifulle og delvis verneverdige lokalitetar blir registrert innan systemet Geologisk arv ved NGU. Eg foreslår at Norsk geologisk forening og NGU utarbeider ein felles slagplan som kan tre i kraft frå og med 2021.

    PER HAGELIA

    Utbyggingsdivisjonen

    Statens vegvesen

    Related Posts

    Øyner dobling gjennom leteinnsats og oppkjøp

    november 14, 2025

    A Digital Trailblazer Candidate: Lukas Mosser

    november 13, 2025

    Tre år fra funn til produksjon

    november 10, 2025
    View 1 Comment

    1 kommentar

    1. Amund Kjellstad on desember 16, 2020 14:39

      – Baltazar M. Keilhau, alunskifer, Akershus Festning, en av Jotunheimens «oppdagere», venn av Niels Henrik Abel…
      Det er klart at viktige geologiske steder burde markeres! Bøker er jo en start, som bøkene til Holtedal og Dons og nå sist den strålende boka til Henrik H. Svensen «Under asfalten». Men markering på stedet er opplysende og viktig!
       Markering av geologisk forekomst kan gjøres med QR-kode. Den kan leses av alle på mobiltelefonen. Har tegnet en markeringsstolpe av CorTen-stål med en rustfri plate med plass for QR-kode og en kort forklarende tekst. Den skal vi bruke i Røyken til kulturminner. (Her er en tegning hvis den går inn i formatet)

      Skisse

    NYHETSBREV
    Abonner på vårt nyhetsbrev
    geo365.no: ledende leverandør av nyheter og kunnskap som vedrører geofaget og geofaglige problemstillinger relatert til norsk samfunnsliv og næringsliv.
    KONFERANSER

    Fra skred til jordskjelv
    Nov 13, 2025

    Fra skred til jordskjelv

    Kongens fortjenestemedalje til Ellen Sigmond
    Nov 13, 2025

    Kongens fortjenestemedalje til Ellen Sigmond

    Gull: Kongsberg
    Nov 11, 2025

    Gull: Kongsberg

    Rock-Eval-pyrolyse gjenskaper ikke det som skjer i kildebergarter
    Nov 10, 2025

    Rock-Eval-pyrolyse gjenskaper ikke det som skjer i kildebergarter

    Viste bredden i geofagene
    Nov 07, 2025

    Viste bredden i geofagene

    When the ESP breaks down even before geothermal energy production has started
    Nov 14, 2025

    When the ESP breaks down even before geothermal energy production has started

    Does oil really stop diagenesis?
    Nov 13, 2025

    Does oil really stop diagenesis?

    PETRONAS’s digital gambit: Architecting an AI-powered E&P ecosystem
    Nov 12, 2025

    PETRONAS’s digital gambit: Architecting an AI-powered E&P ecosystem

    American Samoa offshore minerals planning advances
    Nov 12, 2025

    American Samoa offshore minerals planning advances

    Wildcat activity in the Latin American Atlantic Margin
    Nov 11, 2025

    Wildcat activity in the Latin American Atlantic Margin

    OLJEPRIS
    BCOUSD quotes by TradingView
    GULLPRIS
    GOLD quotes by TradingView
    KOBBERPRIS
    Track all markets on TradingView
    GeoPublishing AS

    GeoPublishing AS
    Trollkleiva 23
    N-1389 Heggedal

    Publisher & General Manager

    Ingvild Ryggen Carstens
    ingvild@geopublishing.no
    cell: +47 974 69 090

    Editor in Chief

    Ronny Setså
    ronny@geopublishing.no
    +47 901 08 659

    Media Guide

    Download Media Guide

    ABONNEMENT
    NYHETSBREV
    Abonner på vårt nyhetsbrev
    © 2025 GeoPublishing AS - All rights reserved.

    Type above and press Enter to search. Press Esc to cancel.