Problemet er å få til ei sprenging som vil ha effekt, seier Lars Harald Blikra, seksjonssjef i NVE, i hht. nrk.no.
– Vi har eigentleg utelukka det. For det første må vi ganske langt ned på frontpartiet av Veslemannen, og der er det livsfarleg å opphalde seg. I tillegg måtte vi fått mannskap og tungt utstyr dit, noko som er svært risikofylt, seier geologen til avisen.
Blikra seier at dynamitten må plasserast på nøye planlagde punkt inne i fjellet. Deretter må ein tette igjen hola, for at det skal kunne ha nok sprengkraft. Det kan ein ikkje gjere utan å utsetje dei som skulle gjort dette for fare.
– Å bruke eit helikopter for å plassere sprengstoff på toppen av fjellet, utan å bore hol, vil ikkje nytte. Det vil ikkje ha nok effekt. Det vil truleg berre eksplodere rett ut i lufta, legger han til.
Blikra får støtte av Olaf Rømcke, leiar av Bransjerådet for bergsprenging.
– Det hadde sjølvsagt vore flott om dynamitt kunne vore løysinga på problemet, men det er dessverre ganske dødfødt, seier han.
Rømcke seier at ein sannsynlegvis måtte brukt enorme mengder sprengstoff for å få ned fjellpartiet. I tillegg er han usikker på kva effekt sprenging vil ha på resten av fjellet.
– Det er ikkje verdt forsøket.
Fortsatt skummelt
Søndag kveld opprettholder NVE «rødt farenivå».
– Hastigheten i fjellpartiet har avtatt noe i øvre område, og er rundt 10cm per døgn i den mest aktive delen. I nedre område er hastigheten uendret, rundt 1,5 cm pr døgn. Det er meldt inntil 17 mm nedbør som regn det kommende døgnet. Dette kan føre til at bevegelsene øker igjen, sier geolog Einar Anda i NVE.