Geo365 har nylig presentert ei bokmelding av boka mi Gull, gråstein og grums – 1, under tittelen «Med et kritisk blikk«. Eg er svært glad for at Halfdan Carstens har lese boka grundig og gitt si vurdering, og at han trass at han ikkje er samd i alt tilrår folk å lese boka. Det er likevel nokre av kommentarene hans som kallar på enno ein kritisk kommentarar.
Halfdan Carstens har solid kjennskap til mineralnæringa, og eg har hatt mye nytte av skriveria hans. Derimot viser han i bokmeldinga at han ikkje har like solid kjennskap til næringar som kan komme i konflikt med mineralutvinning, ikkje minst gjeld det reindrifta.
Kor skepsisen min frå?
Bokmeldaren skriv at eg har ein «inngrodd skepsis» mot mineralnæringa. Da eg for vel to år sidan byrja å skrive på bokserien om mineralutvinning, starta eg med å sjå meg tilbake på kva møte eg har hatt med mineralnæringa gjennom livet, og kva som har forma det synet eg har no. Det blei etter kvart ein liten sjølvbiografisk basert artikkel, som eg no har gjort ferdig og lagt ut på http://gruve.info/gruvaogeg.htm. Der går det fram at skepsisen min til bergindustrien ikkje er ein motstand mot industrien i seg sjølv, men mot den praksisen som mange bedrifter har hatt og har, og ikkje minst mot den praksis som mineral- og miljøforvaltninga i Noreg har i forhold til denne næringa. Noko av dette kjem fram i den første boka, meir vil bli dokumentert i seinare bind.
I boka går eg grundig inn på feil som f.eks. Bidjovagge gruber og Sydvaranger har gjort og konsekvensane av desse. Dette gjør eg fordi eg ønsker at bedrifter og samfunnet skal lære av dei feila som er gjort, og ikkje gjøre dei same feila om igjen. Eg oppfattar det som Carstens gir meg rett i mye av denne kritikken. Derimot opplever eg at dei gruveselskapa som no ivrar for å starte opp igjen ikkje viser nokon evne til å lære av feil i fortida. Eg bør kanskje takke Arctic Gold for bidraget til at eg sette igang å skrive bok. Da dei arrangerte folkemøte i Guovdageaidnu for å presentere planane sine, avslørte dei svært liten kunnskap om tidligare drift. Det bidrog til at eg såg at her må nokon skrive historia.
Industri eller reindrift?
Bokmeldaren skriv: Vi savner imidlertid en litt mer kritisk holdning til den passive holdningen til industriutvikling som motstanderne inntar, spesielt i et lite samfunn der det offentlige omtrent er eneste arbeidsgiver av noen størrelse. Av samanhengen virkar det som han her tenker på Biedjovággi-saka og heimkommunen min, Guovdageaidnu. Den største næringa i kommunen er reindrift. I lag med dei avleia arbeidsplassane innafor foredling av reinprodukt til mat og husflid, gir denne levebrød til ein stor del av befolkninga. Arbeidet og levebrødet er like viktig sjølv om dei fleste ikkje har ein arbeidsgivar, men er sjølvstendige næringsdrivande. Om ti arbeidsplassar i reindrifta blir erstatta av ti industriarbeidsplassar er netto resultat null, samtidig som det kan gi eit kulturelt tap som er vanskelig å måle i pengar.
Ja, vi treng industriutvikling i Guovdageaidnu. Vi treng langsiktige arbeidsplassar, bl.a. frå foredling av reinprodukt, og frå bergverk. Vi har i dag tre meir eller mindre aktive steinbrot på naturstein. Desse har lova 50 permanente heilårsarbeidsplassar, men gir i dag bare ein handfull sesongarbeidsplassar. Ei industriutvikling av vidareforedling her vil eg vere heilt for. Arctic Gold sine planar for Biedjovággi var derimot ikkje industriutvikling. Det var snakk om å tappe ut resterande ressursar av gull og koppar på kortast mogleg tid, dei ressursane som var kjent da dei skreiv planprogrammet ville halde til 6 års drift. Det er tøm og røm. Når røynslene frå tidligare drift er at områda ikkje blir tilbakeført til naturen, men øydelagt for alltid, er det forståelig at fleirtalet i kommunestyret valde å prioritere ei fornybar næring med tradisjon i området.
Motstand eller alternativ?
Skepsis er ikkje nødvendigvis det same som motstand. Mitt standpunkt til dei forskjellige gruveprosjekta er basert på ei konkret vurdering av dei forskjellige planane, og på
dei forskjellige selskapa sin praksis. For dei gruvene som er eller var igang da eg skreiv boka, var ønsket mitt at dei skulle få drive vidare så lenge det er ressursar igjen for det, men at driftsmetodane og avgangshandteringa skulle leggast om på ein meir miljø- og ressursvenlig måte, f.eks. underjordsdrift ved Sydvaranger og at avgang i staden for å deponerast i sjø og dammar på land skulle utnyttast og/eller tilbakefyllast i gruver. Dette er ikkje å vere industrifiendtlig, men å tenke framtidsretta. Vi kan ikkje halde fram med å kaste det meste av dei ressursane vi tar ut.
I boka har eg brukt ganske mye plass på å vise alternative driftsmåtar, bl.a. for kopparutvinning frå Nussir. Eg veit at nokre av alternativa har vore vurdert av selskapet, men så lenge dei får lov å dumpe gratis i sjøen, kan ingen seie noko på at dei veljer det. Når det ikkje skjer ei omlegging av mineralnæringa i meir miljøvenlig retning, vil eg derfor ikkje legge hovudskulda på bedriftene, men på styresmaktene som ikkje set vilkår som vil gjøre det mest lønsamt å tenke miljø.
Kva er lønsamt og subsidiert?
Carstens har tydeligvis tru på at det vil vere lønsamt å bytte ut reindrift med gruvedrift: At gruvedrift kan være lønnsomt både for lokalsamfunnet og storsamfunnet, til forskjell fra den subsidierte reindriftsnæringen, teller nok dessverre lite i denne sammenheng. Denne tanken er ikkje særlig original, kvar gong gruver eller andre naturinngrep kjem i konflikt med reindrifta, kjem argumentet opp at reindrifta er subsidiert. Det er sant, i inneverande år betaler staten over reindriftsavtalen kr. 113 mill. kr., da er alle næringsutviklingstiltak inkludert.
Dei statlige subsidiene av mineralnæringa kjem ikkje på same måten ved ein støtteavtale som forhandlast med organisasjonane. Men det betyr ikkje at ikkje mineralnæringa er subsidiert. Sydvaranger kosta i tida 1981–96 skattebetalarane 4,6 milliardar kr. (etter 1995-verdi), deretter betalte staten 430 mill. til omstilling ved nedlegginga. Til saman omlag 7,5 mrd. kr. i dagens pengeverdi.
Mineralnæringa er subsidiert ved at verken uttak av ikkje-fornybare ressursar eller utslepp/dumping av avgang frå produksjonen blir skattlagt, og ved at staten/skattebetalarane må ta seg av opprydding etter gruver som er nedlagte/konkursramma utan at dei har rydda opp etter seg. Det ligg og ei skjult subsidiering i at gebyra for søknadar om konsesjonar og utslepp langt frå dekker utgiftene til behandlinga.
Når nokon blir pressa ut av reindrifta og må finne seg anna livsgrunnlag, har det i periodar har vore gitt ein viss støtte til omskolering eller nyetablering. Dette blir likevel småpengar samanlikna med det som skjer når ein mineralbedrift må gi opp. Konkursen på Sydvaranger kosta godt over 3 milliardar, altså tilsvarande reindriftssubsidieringa i 30 år. Dette bleiknar likevel mot konkursen i Pajala i Sverige på 14 milliardar. Meir enn nok til å subsidiere reindrifta i eit hundreår. Jo, gruvedrift KAN vere lønsamt, det finst eksempel på det. Men eg skulle likt å sett ein oversikt over alle pengane som er brukt på gruvedrift i Noreg, frå leiting til opprydding, og samanlikna med dei samla inntektene. Eg er slett ikkje sikker på at resultatet hadde gått meir i pluss enn reindrifta.
Gruvedrift utan konflikt?
I bokmeldinga har Carstens nokre tankar om gruver i Finnmark som kallar på ein kommentar:
Nå er det derfor opp til Rushfeldt, etter at Nussir har fått godkjent reguleringsplanen og blitt gitt utslippstillatelse for avgangen, å vise at gruvedrift kan gjøres på ordentlig vis. Vi skal jo ikke dra lenger enn til Stjernøy for å finne eksempel på en gruve som driver uten konflikter.
Eg har og i det lengste forsøkt å tru på ei gruvedrift på ordentlig vis for Nussir. På eit vis som ikkje øydelegg framtida for reindrifta og ikkje for fisk og anna liv i fjorden. Da må ein gå eit steg tilbake og gjøre monalege endringar i reguleringsplanen. Så lenge reguleringsplanen bygger på større inngrep i reindrifta sitt beiteland og flyttevegar og dumping av avgang i fjorden, er både skadeverknadane og konflikten uunngåelig. I boka har eg skrive meir om kva som derimot kunne ha vore gjort. Enno trur eg på at det finst løysingar, det er Nussir ASA og Miljødirektoratet som no har torpedert dei.
Stjernøya skal altså vere eksempel på gruve utan konflikt. Det same sa daverande næringsminister Trond Giske for eit par år sidan. Det blir ikkje meir sant av det. Nylig blei det kjent at saka om eigedomsrettar til Stjernøya kjem opp for Høgsterett. Denne striden er heilt klart eit resultat av konfliktane mellom gruva og reindrifta. Sjølv om utsleppa av gruveavgang frå Stjernøya er langt mindre i omfang og med mindre kjemikaliar enn dei omdiskuterte til Bøkfjorden og Repparfjorden, er det framleis ei betydelig forureiningskjelde og i strid med vassforskrifta. Så konfliktfritt kan det knapt seiast å vere. (Historia om denne gruva kjem etter planen i Gull, gråstein og grums 3).
Kor er referansane?
Carstens saknar referansar til opplysningar i boka. Det er eit rimelig ønske frå lesarane å kunne kontrollere informasjonen. Opphavelig inneheldt bokmanuset omlag 300 fotnotar med referansar. For å ikkje gjøre boka alt for tjukk og tunglest, valde vi å legge desse bare i nettutgåva, noko som er forklart i forordet. Det er derfor bare å gå på http://gruve.info og slå opp dei tilvisingane ein ønsker.
Korleis bygge omdømme?
Til sist i bokmeldinga skriv Carstens: Gruveindustrien har i det hele tatt et dårlig rykte, og etter å ha lest boka vil nok de fleste være enige i at det fortsatt er en jobb å gjøre for at mineralindustrien skal få et godt omdømme i allmennheten. Dette kan eg heilt og fullt slutte meg til, med den presiseringa at omdømmet må betrast ikkje gjennom propaganda og grønmaling av dagens praksis, men gjennom reelle endringar i praksis.
Svein Lund
Forfattar av Gull, gråstein og grums
KOMMENTER DENNE SAKEN