Har du betalt kontingenten for NGF-medlemskapet for 2019?
Mange vil kanskje synes det er eit merkeleg spørsmål – det er trass alt ikkje mykje pengar det er tale om. Om svaret på spørsmålet er nei, er du dessverre i godt(?) selskap.
Det er enno omtrent 340 medlemmer som ikkje har betalt kontingenten for 2019. For å sikre oss at denne informasjonen når fram, også til dei som ikkje har betalt, får alle NGF-medlemmer dette nummeret av GEO (GEO 07/2019).
For NGF er kontingenten viktig for å sikre drifta i ein periode med trang økonomi der Styret prøver å redusere utgifter og drive meir effektivt.
Kvart år må sekretariatet bruke mykje tid på å purre ubetalte kontingentar og leite opp ny adresse og e-post for folk som har flytta eller skifta jobb. Frå og med 2020 vil vi derfor endre opplegget for innbetaling. I staden for e-post eller brev med giro vil medlemmene heretter kunne betale kontingenten i nettbanken (AvtaleGiro/eFaktura). Det kjem meir informasjon om dette på nyåret.
Aktiviteten i NGF flyt på den store innsatsen som lokallaga og andre eldsjeler kvart år legg ned gjennom foredrag, ekskursjonar og anna fagleg aktivitet. Dei mange arrangementa på Geologiens Dag 2019 har igjen fått fram engasjement og interesse for geologi over heile landet.
Det neste store arrangementet blir det 34. Nordiske Vintermøtet på Universitetet i Oslo (8-10. januar 2020). Arrangements-komiteen har lagt opp til ein attraktiv konferanse med mange sesjonar og spennande tema som viser breidda i nordisk geologi. Dette blir ein viktig fagleg og sosial møteplass der vi kan diskutere gamle og nye idear ved inngangen til det nye tiåret. Vel møtt til vinterkonferansen i Oslo.
ØYSTEIN NORDGULEN, president NGF