Naturvernforbundet skriver i et brev til redaksjonen at gruveselskapet Eramet har planer om å produsere nikkel fra en ny gruve i Indonesia (Weda Bay Nickel).
Naturvernforbundet lovpriser at selskapet planlegger å benytte landdeponi fremfor sjødeponi.
Kunnskapsløft for deponering.
Organisasjonen viser til Miljødirektør Samuel Dufay som sier at «Dette [sjødeponi] er ein gamal praksis frå den industrielle revolusjonens tid på 1800-talet, ein æra vi trudde var forbi. Den finst likevel også i dag, i 15 av verdas 2.500 gruver.»
Og videre: «Det er ikkje til å tru at nokre gruveselskap vurderer å bruke dette i prosjekt som skal levere til produksjon av elektriske bilar. Eramet har teke ei klår og fasta haldning, vi vil ikkje bruke denne teknikken.»
Eramet skriver til og med til EU-kommisjonen at «Using this solution would damage the efforts made to ensure the greening of the whole battery supply-chain, hence it must be blacklisted.» Sterk kost, frykter selskapet konkurranse fra selskaper som benytter sjødeponi? Har selskapet, med tre smelteverk i Norge, lest de norske rapportene om sjødeponi?
Det må være lov å spørre om Naturvernforbundet – og Eramet – har undersøkt hvor gruven i Indonesia skal dumpe avfallet (svar: «protected forest», se under), hvor store mengder det er snakk om, om det er undersøkt om dette er trygt med hensyn til både befolkning og natur, om det finnes dype fjorder utenfor den planlagte gruven, og – NB – om Eramet (og den kinesiske partneren) vil holde seg til norske standarder når det gjelder HMS.
Jeg ville ikke ha promotert disse planene uten å ha gode svar på disse spørsmålene. Jeg imøteser også Naturvernforbundets redegjørelse for hvorfor denne ideelle organisasjonen støtter et slikt prosjekt!
The Weda Bay Nickel Project, owned by the Chinese company Tsingshan (57%) and the French company Eramet (43%), is nearing the completion an open-pit nickel and cobalt mine and production plant in a protected forest area on the coast of Halmahera Island, North Maluku, Indonesia.
Halmahera, North Maluku, Indonesia
Her er brevet fra Naturvernforbundet:
Vil produsere el-bilar utan dumping av gruveavfall i sjø
Nikkel, koppar, litium, kobolt og grafitt er nokre av materiala som blir brukte i batteri til el-bilar. Mange gruveselskap vil levere desse materiala, men etter press frå kundane, stiller bilprodusentar nye og strengare krav til korleis batteria blir produserte. Produsentane godtek ikkje lenger at materiala har blitt vinna ut på naturen si rekning, og mange vil ikkje handle med gruveselskap som bruker sjødeponi. Norske selskap som ønskjer å levere material til elektrifisering, eller sjølv produsere batteri, bør merke seg denne internasjonale utviklinga.
Det finske gruveselskapet Terrafame, satsar på å setja opp verdas største fabrikk for produksjon av nikkel til batteri i 2021, og direktør Joni Lukkaroinen sa nyleg: «Kundane er vil ha berekraft. Det er årsaka til at elektrifiseringa skyter fart. Europeiske kundar vil vite kvar metallet kjem frå, og korleis det blir vunne ut – ikkje barnearbeid, ikkje sjødeponi – kundane seier klårt nei til slikt.»
Industri- og gruveselskapet Eramet, som har tre smelteverk i Noreg, skal produsere nikkel frå ei ny gruve i Indonesia, og avviser å dumpe gruveavfallet i sjø. Miljødirektør Samuel Dufay uttalte nyleg: «Dette er ein gamal praksis frå den industrielle revolusjonens tid på 1800 talet, ein æra vi trudde var forbi. Den finst likevel også i dag, i 15 av verdas 2.500 gruver. Det er ikkje til å tru at nokre gruveselskap vurderer å bruke dette i prosjekt som skal levere til produksjon av elektriske bilar. Eramet har teke ei klår og fasta haldning, vi vil ikkje bruke denne teknikken.» Til EU-kommisjonen skriv Eramet at sjødeponi bør bli svartelista: «Using this solution would damage the efforts made to ensure the greening of the whole battery supply-chain, hence it must be blacklisted.»
Bilprodusenten BMW slutta seg i år til IRMA, eit system for miljøstandardar i gruvedrift, som ikkje aksepterer dumping av gruveavfall i sjø. Tesla har nyleg forsterka miljøkrava til dei som skal levere material til batteriproduksjon, og ikkje lenge etter Teslas utspel, trekte eit kinesisk selskap søknaden om dumping av avfall i sjø frå ei ny indonesisk nikkelgruve.
I Noreg er det fleire selskap som planlegg å starte produksjon av batteri eller å levere material til produksjon av el-bilar og andre område for elektrifisering. Den internasjonale utviklinga tyder på at også dei norske selskapa bør halda seg langt unna material produsert i gruver der gruveavfallet blir dumpa i sjø. Dette bør investorar merke seg.
Vi minner om vedtaket på den internasjonale naturvernkongressen i 2016 (IUCN): «Ber alle statar å forby deponering av gruveavfall i sjø for nye gruver så snart som mogleg, og å planleggja ein stopp for pågåande sjødeponi.» I 2019 la Chile ned forbod mot dumping etter 2023. No er det på tide at også Noreg følgjer opp, for ikkje å koma heilt i utakt med internasjonal utvikling.
Ingvild Fonn Asmervik og Mads Løkeland-Stai
Naturvernforbundet
1 kommentar
Her kan du lese heile innlegget til Naturvernforbundet: https://ksu.no/artikler/leserinnlegg/104781-vil-produsere-el-bilar-utan-dumping-av-gruveavfall-i-sjo
Vi går imot all dumping av gruveavfall i havet, både i Indonesia, Papua New Guinea og i Noreg. Miljøorganisasjonar i både Indonesia og Papua New Guinea går også mot dette, og vi står saman med dei.
At vi går mot dumping i havet, vil ikkje seia det same som at vi aksepterer lagring av restmassar i verna område.
Det er bra at Eramet og ein del andre gruveselskap går vekk frå dumping i havet, men det er ikkje det same som at vi støtter dei i andre miljømessig dårlege løysingar. Ein del gruver bør aldri bli etablert i det heile.