Close Menu
    Facebook LinkedIn
    Geo365
    Facebook LinkedIn
    BESTILL Login
    • Hjem
    • Anlegg og infrastruktur
    • Aktuelt
    • Bergindustri
    • Dyphavsmineraler
    • Miljø
    • Olje og gass
    • Geofunn
    Geo365
    Du er her:Home » Seismikk i tunnel innfrir
    Anlegg og infrastruktur

    Seismikk i tunnel innfrir

    Av Halfdan Carstensdesember 10, 2018
    Del denne artikkelen Facebook Twitter LinkedIn Email
    For første gang under tunneldriving brukes seismikk for å undersøke fjellets kvalitet. Testene viser at det blir nyttig, skriver vegnett.no
    Ahmed Al-Samarray og Eik Jensen har brukt seismikk under drivinga av to transporttunnelar i Arsvågen i Bokn kommune, og begge meiner det kan bli nyttig når hovudløpa skal sprengjast. (Foto: Øyvind Ellingsen).

    Ahmed Al-Samarray og Eik Jensen har brukt seismikk under drivinga av to transporttunnelar i Arsvågen i Bokn kommune, og begge meiner det kan bli nyttig når hovudløpa skal sprengjast. (Foto: Øyvind Ellingsen).

    Facebook Twitter LinkedIn Email

    Rogfast blir med 27,6 kilometer den lengste og med en dybde på 392 meter den djupaste vegtunnelen i verda. Lengda og dybden gjer at det er mykje usikkerhet knytt til bergkvaliteten. Geologirapporten viser tre typar svakhetssoner og at det er antatt 24 soner med svakt havbunn-fjell i den dårlegaste klassa. (klasse III)

    – Det blir krevjande, men ikkje verre enn kva dyktige entreprenørar vil løyse, seier byggjeleiar på Kvitsøy-kontakten Sveinung Brude. Han var også byggjeleiar for den 24,5 kilometeren lange Lærdalstunnelen, som åpnet i 2000.

    Seismikk gir meir informasjon

    Med seismikk kan bergkvaliteten som ligg 100-150 meter framover frå tunnelstuffen (tunnelveggen) bli kartlagt.

    – Ulempa med tradisjonell seismikk frå havbotn er at nøyaktigheita blir mindre dess djupare tunnelen er. Rogfast skal ned til 392 meter, som betyr at vi ikkje har gode nok data på svakhetssonene og den generelle bergkvaliteten, seier Ahmed Al-Samarray. Han har saman med Erik Jensen brukt seismikk under driving av to 1900 meter långe transporttunelene i Rogfast

    – Med å bruke seismikk på stuff får vi meir nøyktige data 150 meter framover, utdjupar Jensen.

    Ved bruk av seismikk på stuff forventar byggjeleiinga at ein vil bruke mindre kjerneboring. Årsaka er det å starte kjerneboring kan vente til dataene frå seismikken viser ein aktuell svakhet i geologien.

    – Vi forventar å bruke kjerneboring til å kartleggje geologi der det er svakast berg. Det vil bli brukt tradisjonell prøveboring for å kartleggje vannlekkasje og behov for injisering av berget, seier byggjeleiar Sveinung Brude.

    Bratt læringskurve

    Den 700 meteren lange transporttunnelen utanfor Stavanger er ferdig sprengd, mens det er nokon hundre meter igjen før dei to 1900 meter lange transporttunnelane på nordsida er ferdig sprengd.

    – Læringskurven er bratt, og det er fleire arbeidsoperasjonar som har gått raskare enn vi hadde føresett. Montering, ladning og skyting av seismikk på stuff tek mykje kortare tid enn venta. Ved å nytte det som heiter, gruppeskyting, som inneber at alle 24 hol blir delte inn i fire grupper (seks hol i kvar gruppe) og kvar gruppe blir skotne kvar for seg med eitt sekunds mellomrom, bidrar til ein betydelig auka effektivitet, fortel Ahmed Al-Samarray.

    Erfaringa etter fleire månadar si testing har prosesseringa (tolking av data) teke lenger tid enn det dei to kontrollingeniørane forutså.

    Stor tru på metoden

    – Vi brukar nå to tre dagar å lese resultata, men vi reknar med at vi med meir erfaring vil bruke én dag, fortel Erik, og Ahmed utdjupar: – Alt i alt, så har vi god erfaring med å bruke seismikk under drivinga, og resultata er riktige målt mot bergkvaliten vi forserer undervegs.

    Begge meiner at dei nærmar seg målet – å utnytte seismikk-teknologien under tunneldriving.

    – Vi har stor tru på denne metoden, seier Ahmes Al-Samarray.

     

    RELATERTE SAKER

    Manglende helhetlig kontroll

    mai 9, 2025

    Veien til bedre masseforvaltning

    mars 24, 2025

    Anbefaler sikringstiltak

    mars 17, 2025
    KOMMENTER DENNE SAKEN

    Comments are closed.

    NYHETSBREV
    Abonner på vårt nyhetsbrev
    geo365.no: ledende leverandør av nyheter og kunnskap som vedrører geofaget og geofaglige problemstillinger relatert til norsk samfunnsliv og næringsliv.
    KONFERANSER

    Tre uker gjenstår
    May 09, 2025

    Tre uker gjenstår

    En underkommunisert faktor for CCS
    May 07, 2025

    En underkommunisert faktor for CCS

    Hva kan geologene lære av klimaendringene?
    May 06, 2025

    Hva kan geologene lære av klimaendringene?

    Oppnådde gjev status
    May 05, 2025

    Oppnådde gjev status

    Gull: Bleka gullgruve
    May 02, 2025

    Gull: Bleka gullgruve

    OLJEPRIS
    BCOUSD quotes by TradingView
    GULLPRIS
    GOLD quotes by TradingView
    KOBBERPRIS
    HG1! price by TradingView
    GeoPublishing AS

    GeoPublishing AS
    Trollkleiva 23
    N-1389 Heggedal

    Publisher & General Manager

    Ingvild Ryggen Carstens
    ingvild@geopublishing.no
    cell: +47 974 69 090

    Editor in Chief

    Ronny Setså
    ronny@geopublishing.no
    +47 901 08 659

    Media Guide

    Download Media Guide

    ABONNEMENT
    © 2025 GeoPublishing AS - All rights reserved.

    Trykk Enter for å søke. Trykk Esc for å avbryte.