Close Menu
    Facebook LinkedIn
    Geo365
    Facebook LinkedIn
    BESTILL Login
    • Hjem
    • Anlegg og infrastruktur
    • Aktuelt
    • Bergindustri
    • Dyphavsmineraler
    • Miljø
    • Olje og gass
    • Geofunn
    Geo365
    Du er her:Home » Skredulykker i Noreg
    Aktuelt

    Skredulykker i Noreg

    Av Guest Authorjuni 11, 2015
    Del denne artikkelen Facebook Twitter LinkedIn Email
    Skred har alltid vore ein trussel mot folk i fjellandet Noreg. For første gong ligg det føre statistikk som går nesten 1000 år tilbake i tid.
    Facebook Twitter LinkedIn Email

    Gjennom mangeårig gransking er det samla informasjon om skredulykker i Noreg, med innfallsportar via skriftelege kjelder og databasar. Det er også innhenta opplysningar frå informantar i dei fleste kommunane. Det er teke med skredulykker av ulike slag, også undersjøiske skadeskred (i alt 20), i forsøk på å lage ein samla, systematisk skredhistorikk.

    Mange kjelder

    Tallause stader i landet vårt har vore arena for skredkatastrofar. Stadnamn og segner kastar lysstreif over hendingar som ligg lengst attende i tid. Den harde naturen finst også nedteikna i gamle dokument, og dei aller første skredulykkene i kjeldeform er frå 1100-talet. Dei eldste er aktstykke og brev frå mellomalderen i Dipl. Norvegicum og Scriptores Rerum Danicarum, Aslak Bolts jordebok frå 1432 som er eit register over erkestolens gardar – og ikkje minst Dei islandske annalar frå 12-1300 talet. Desse siste er faktisk den viktigaste kjelda til mange av dei verkeleg gamle leirfalla i Trøndelag, m.a. i Skaun år 1254(55) og ved Kvashylla i Gauldal i 1345.

    Skriftlege kjelder rekk såleis eit godt stykke bakover i tid, der dei siste 400 åra blir best dokumenterte, mykje takka matriklane frå 1647 og særleg detaljert er materielle skadar bokførte i Aftagsforretninger, ei kongelig forordning som også kom på 1600-talet. Andre kjelder er tingprotokollar, kyrkjebøker, klokkarbøker, segnsamlingar, gards- og ættebøker, dagbøker, rapportar, aviser, ymse databasar.

    Definisjonar, systematikk og databehandling er gjort i samråd med forskarar (Lars H. Blikra, Bo Nordahl, Knut Stalsberg) på NGU.

    Å definere kva som i denne samanheng kjem inn under begrepet skredulykke, er ikkje lett å gjere eintydig. Det er ukomplisert ved tap av menneskeliv, bustader, mange husdyr, også når bustader eller gardstun blir truga, men ved hendingar som «berre» fører til materielle skadar på jord, skog, vegar, uthus, båtar må ein nytte skjønn.

    Skred – ein del av norsk kvardag

    Det er til no innsamla opplysningar om meir enn 3000 skredhendingar.

    Før 1600: Ca. 100. Berre 16 snøskred er funne, resten er fastmasseskred som i mange høve synest å ha gitt store skadar. Den 11. september er ein dårleg dato også for Noreg, for nettopp på denne dagen i 1345 kom såleis leirfallet i Gauldalen, og dette førte til den største naturkatastrofen i historia vår, med tap av 500 menneskeliv og 48 gardar.

    1600-talet: 360, av desse er 160 jord- og steinskred, der dei siste 20 åra åleine har ca. 60. Det samla registrerte dødstalet er på ca. 600, noko som utvilsamt er for lågt, då vi veit at berre på ei februarnatt i 1679 døde 135 i snøskred i eit avgrensa område på Nordvestlandet.

    1700-talet: 650, med meir enn 700 døde. Hundreåret er prega av dei mange jordskreda, særleg i samband med flaumane i 1743 og 1789. I alt kom 360 slike skred. Kulminasjonen av Den vesle istida er merkt av særs høg skredfrekvens. Avtaksforretningane (for å få skattereduksjon) i åra 1720-1745 har aldri vore så hyppige verken før eller seinare. Noko liknande skjedde under Storofsen 21-25. juli 1789, der heile 110 store jordskred (samt nokre fjellskred) er registrerte.

    1800-talet er snøskredets hundreår. Dette er attpå til den verste skredperioden vi kjenner i historia vår. Materialet er representert med ca. 950 hendingar og 1400 drepne. Nesten halvdelen av desse ulykkene var snøskred som stod for heile 2/3 av dødstalet. Velkjent er skredvinteren i Sør-Noreg i 1868, med m.a. den største snøskredulykka vi kjenner til, i Gråura i Oppdal, der 32 døde. Mindre kjent er at i 1880-81 kom også ei mengde fatale snøskred over store delar av landet, og i alt 65 døde.

    1900-talet har ca. 1000 skredulykker og 900 døde. Medan materialet frå tidlegare tider må vere underregistrert, er her truleg dei fleste, større hendingane med. Det er derfor interessant å sjå at det siste hundreåret har hatt nedgang av skreddødsfall. Snøskreda har no ein mindre andel (50 %),  men synest å ha fått større geografisk spreiing ved dei mange fritidsulykkene.

    Verst på Vestlandet

    Utgangspunktet for granskinga var eigentleg eit lokalhistorisk søk etter fjellskred på Vestlandet (noko som etter kvart vart utvida til å gjelde alle skredtypar og heile Noreg). I dette materialet er forsøkt å finne fram til alle slike hendingar i historisk tid, og til no er funne vel 350 som kjem inn under kategorien fjellskredulykker (volum over 10 000m3). Dette er ein skredtype som faktisk finst i dei fleste fylka, med sterk konsentrasjon til Vestlandet.

    Men dei katastrofale, store fjellskreda av den typen vi finn i Tjelle (1756), Lyngen (1811), Loen (1905, 1936), Tafjord (1934) er langt færre. Registreringsmaterialet syner at på Vestlandet gir desse få skreda likevel årsak til ein hovudpart av det samla ulykkesomfanget, både når det gjeld tap av liv og materielle verdiar.

    Det store fjellskredet er sjeldan, men frekvensen er kanskje større enn pårekna. Det synast iallfall gå att ned gjennom hundreåra så langt ein kan sjå – det eldste i skriftelge kjelder er frå 1180 – som eit uavvendeleg damoklessverd over hovuda våre. Særleg i områda Rogaland – Møre og Romsdal og i nokre avgrensa parti av Nord-Noreg har dei store fjellskreda dessutan generert flodbølgjer.

    Granskingsarbeidet er ikkje avslutta. Til no er 2700 av skredregistreringane mata inn i database, og inngår som ein del i Nasjonal skreddatabase (www.skrednett.no ).

    711x474_ID96_4
    Fordeling av alle typer skred i Norge.

    Skred på nett

    Norges geologiske undersøkelse (NGU) har ansvaret for å koordinere «Nasjonal skreddatabase». Mange instanser kartlegger og systematiserer skredfare og skredhendelser, og en felles portal for slik informasjon (www.skrednett.no) vil gjøre det enklere å ta hensyn til slike naturfarer i samfunnsplanleggingen. Skrednett viser data om alle typer skred (fjellskred, steinsprang, jordskred, leirskred og snøskred). Mer enn 2600 skredulykker over hele landet er registrert i kartform, og det finns informasjon om både skredfarlige områder og faktiske hendelser i historisk og førhistorisk tid.

    – Det er ikke nødvendig med geofaglig kompetanse for å bruke denne databasen som er under kontinuerlig utvikling og har som hovedmål å være et planleggingsverktøy på lokalt og regionalt nivå, sier prosjektleder Knut Stalsberg ved NGU.

    Skrednett  er et resultat av samarbeid mellom NGU, Statens kartverk, Norges Geotekniske Insititutt, Norges Vassdrags og Energidirektorat (NVE), NTNU, SINTEF, Vegvesenet, Jernbaneverket, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Forsvaret, Statens landbruksforvaltning, fylkesgeologen i Møre og Romsdal, flere kommuner og konsulentselskap. NGU har koordineringsansvaret.

    Skrednett viser over 2600 registreringer av skredulykker i historisk tid fra hele landet. (2008: 31.500 skredhendelser ligger nå i databasen). I tillegg finner du fare- og risikoområder for leirskred og fareområder for stein og snøskred. Eksempel på andre datasett som blir tilgjengelig er Forsvarets snøskredfarekart, skredhendelser langs veg og jernbane, geologisk kartlagte jord- og fjellskred, potensielt ustabile fjellsider samt informasjon fra grunnboringer.

    På www.skrednett.no kan du se om det er registrert skredulykker i ditt nærområde og om hvilken risiko det er for fremtidige ras.

    Astor Furseth

    Astor Furseth er cand. odont fra 1965, og har praktisert som tannlege, dels hatt permisjonar for å skrive i alt 22 bøker og m.a. ei rad lokalhistoriske artiklar om skred. Han er initiativtakar til eit skredmuseum: Galerie Tafjord. Med boka om Tafjordulykka (Gyldendal, 1985) kom spørsmål om tryggleiken i slike område, og han initierte ei gransking av gamle skredhendingar. Det byrja eit samarbeid med forskar Lars H. Blikra i Fjellskredprosjektet i Møre og Romsdal (NGU Rapport 1999). I dei siste åra har NGU gitt noko økonomisk støtte for å få registreringane inn i database.

    RELATERTE SAKER

    Harald Brekke er død

    mai 15, 2025

    Seismiske data avslører krigshandlinger

    mai 7, 2025

    Gullprisen til himmels

    april 23, 2025
    KOMMENTER DENNE SAKEN

    Comments are closed.

    NYHETSBREV
    Abonner på vårt nyhetsbrev
    geo365.no: ledende leverandør av nyheter og kunnskap som vedrører geofaget og geofaglige problemstillinger relatert til norsk samfunnsliv og næringsliv.
    KONFERANSER

    Grønland eller Grønnland: Hva skjer med innlandsisen under global oppvarming?
    May 16, 2025

    Grønland eller Grønnland: Hva skjer med innlandsisen under global oppvarming?

    Hva klimaendringene kan fortelle oss om istidene
    May 16, 2025

    Hva klimaendringene kan fortelle oss om istidene

    Kan hente mer metall ut av smelteovnene
    May 14, 2025

    Kan hente mer metall ut av smelteovnene

    Hefaistos og Psamathe – Kan de gamle greske gudene redde dagens klimatragedie?
    May 12, 2025

    Hefaistos og Psamathe – Kan de gamle greske gudene redde dagens klimatragedie?

    Tre uker gjenstår
    May 09, 2025

    Tre uker gjenstår

    OLJEPRIS
    BCOUSD quotes by TradingView
    GULLPRIS
    GOLD quotes by TradingView
    KOBBERPRIS
    HG1! price by TradingView
    GeoPublishing AS

    GeoPublishing AS
    Trollkleiva 23
    N-1389 Heggedal

    Publisher & General Manager

    Ingvild Ryggen Carstens
    ingvild@geopublishing.no
    cell: +47 974 69 090

    Editor in Chief

    Ronny Setså
    ronny@geopublishing.no
    +47 901 08 659

    Media Guide

    Download Media Guide

    ABONNEMENT
    © 2025 GeoPublishing AS - All rights reserved.

    Trykk Enter for å søke. Trykk Esc for å avbryte.