Noregs geologiske undersøking (NGU) er ein av partnarane som vert tilgodesett.
– Vi veit for lite om kordan det ser ut under havoverflata langs Norskekysten. Regjeringa vil derfor gjere ein ekstra innsats for betre kartlegging av ressursane i kystsona. Det vil gje oss betre næringsutvikling, miljøvern og ein meir berekraftig forvalting av kystsona, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland i samband med forslaget til statsbudsjett for 2020, skriver ngu.no.
Ho fortel at den nye satsinga inneber ei investering på til saman 84, 6 millionar kroner over tre år, og at dette skal finansierast i eit spleiselag med kommunar, fylke og offentlege etatar.
– Dette er vi særs glade for, seier direktør May Britt Myhr ved NGU, – arbeidet vil vere starten på noko som kan bli eit komplett og solid kunnskapsgrunnlag for forvalting av kystsona i Noreg.
Tre pilotområde
Samarbeidsprosjektet, som er arbeidd fram av NGU, Havforskingsinstituttet (HI) og Kartverket, vert altså forankra i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og skal strekke seg over tre år.
– Ja, dette er eit pilotprosjekt som vi har arbeidd ganske lenge med å få på plass, seier leiar Reidulv Bøe ved NGU sitt maringeologiske lag.
– Fram til og med 2022 skal vi kartleggje nye Stavanger kommune, som frå årsskiftet òg dekkjer Finnøy og Rennesøy, Nordre Sunnmøre, som mellom anna inkluderer nye Ålesund kommune, og Skjervøy og Kvænangen kommunar i Troms, forklarer Bøe.
Nasjonalt program
Prosjektet skal kartlegge både botntilhøve, biologi og geologi i nære kystområde, og utarbeide kart- og datatenester fritt tilgjengeleg for alle. Kartlegginga skal gå føre seg frå fjæresteinane til ei nautisk mil utanfor grunnlinja. Prosjektet omfattar også testing og utvikling av nye metodar som kan gje auka framdrift i datafangst og ressurskartlegging.
– I dag er berre ti prosent av kystområda våre kartlagd med omsyn til dei geologiske kartprodukta som skal utarbeidast, frå Grense Jakobselv til Svinesund, seier NGU-direktør May Britt Myhr.
I framlegget til statsbudsjett for 2010 føreslår regjeringa samstundes ein samla reduksjon i løyvingane til kartleggingsprogrammet MAREANO på 10,8 millionar kroner. Dette programmet kartlegg norske havområde i eit samarbeid mellom NGU, HI og Kartverket.