Juvkjelen

Juvkjelen

Juvkjelen kan seiast å omfatte ei rekkje spennande (overflate-)former og geologiske fenomen innan kvartærgeologi, glaciologi, petrografi og mineralogi. Området er lett tilgjengeleg i sommarhalvåret og vil bli enda meire attraktivt med den planlagde Klimaparken.

Lægje: Lom Kommune, på grensa til Jotunheimen Nasjonalpark nær Galdhøpiggen. Området ligg 1840 moh inntil, rundt og bak Juvvatnet. UTM kordinatar er nord 6837720, aust 465160 (EUREF89).
Tilkomst: Bilveg frå RV 55 frå Galdesand ca. 15km på god, asfaltert veg til Juvasshytta og Galdhøpiggen Sommarskisenter. Føringa til Galdhøpiggen går ut frå her, og vegen har derfor brunt skilt frå Sognefjellsvegen. Opp til 25000 turistar besøkjer årleg Galdhøpiggen, Juvasshytta er ei vel etablert turistbedrift, og Sommarskisenteret hadde i 2009 30000 dags-besøkjande alpinistar innom. I tillegg kjem alle som køyrer ”Nord-Europas høgaste bilveg” og etter kvart Klimapark 2469, altså godt over 50 000 besøkjande alt i dag.
For besøk i Juvkjelen har ein tidlegare parkert langs vegen, men P-plassen på Juvasshytta er nå utvida og vil bli brukt også som utgangspunkt for stigen til Klimaparken og til Juvkjelen.
”Klimapark 2469” er nå under planleggjing ved Juvfonna, dvs. i same området
Hovudattraksjonen her er dei talrike (fleire hundre) arkeologiske funna (vesentleg treverk frå jakt/fangst av rein) under den avsmeltande Juvfonna.
Området har permafrost og er dekt av vel utvikla polygonmark som i skråningane er trekt ut i stripemark. Bakken er dekt av sparsom vegetasjonen med vivipara grasartar, fleirårige karplanter som i dette området går høgast i Noreg, og, fleire titals artar mosar og lav.
Borehol opptil 130m djupe er bora ned i permafrosten for registrering av endringar i temperaturen. Dei siste ti åra har temperaturen stigi 0,5C 15 m nede i bakken, og både fonner og isbrear i området er i rask attendegang.
Alle desse elementa er tenkt brukt for å syne endringane i klimaet.
Frå Klimapark 2469 har fylkesarkeolog Espen Finstad lansert ideen om å laga ein enkel stig dei 300m bort til Juvkjelen.
Geoattraksjonen vi gjer framlegg om vil da bli lett tilgjengeleg på ein halvannan kilometer lang stig frå parkeringsplassen. Stigen vil føre gjennom eit unikt område der vi kan syne fram både dei langvarige klimatiske og geologiske prosessane samstundes som dagens raske endringar er tydeleg synlege i landskapet.
GEOATTRAKSJONANE
Innafor området i stikkordsform:
1. Paleiske fjellformer, typiske i den avrunda Galdhøa, rett bak Kjelen.
2. Kjel: Juvbreen arbeider seg bakover og inn i Galdhøa bak.
3. Alpine former, i Galdhøpiggen og andre tindar rundt.
4. Bre: Juvbreen er om lag 600m lang og fell skrånande ned mot Juvvatnet.
5. Kalvingsbukt i Juvbreen og ut i Juvvatnet. Kalving ut i Juvvatnet er vanleg på sein-sommaren, ofte med store bylgjer.
6. Blokkhav av ”nysprengt stein” på høgre side av Kjelen.
7. Iskjernemorene framfor breen og ut mot Juvvatnet. Pollenanalyser tyder på at denne er 13000 år gamal.
8. Aktiv erosjon i bergveggen bak breen avdekkar stadig nye fjellparti. Ved besøk i september 09 opplevde eg 3 x steinsprang i veggane bak breen.
9. Bergveggen bak breen gjev eit snitt gjennom undre del av Jotundekket med delvis omvandla gabbrobergartar, amfibolittar og mylonittar, det heile gjennomsett av (ofte kryssande) pegmatitt- og aplitt-årer. På vegen innover passerer vi ein ørliten, opp-stikkande dunittknoll (”raudberg”) rett ved stigen.
10. Gode prøver av bergartane nemnde over kan finnast i brefronten og i morena som berre delvis er overgrodd av lav. I pegmatittane er i tillegg til kvarts, plagioklas og mikroklin funne gode xls av muskovitt, biotitt, granat, turmalin, zirkon og euxenitt.
11. Frå Sommarskisenteret skjer ein kvartsbreksje seg sørvestover under Juvvatnet og kjem på land att i sjølve Kjelen der han dannar eit tydeleg søkk i terrenget. Her fører breksjen bergartsfragment av gabbro i ein grunnmasse av grøn epidot og lyseraud kalifeltspat. Holromma er fylde med glitrande grøne epidotkrystallar, stundom små, klare kvartsxls, beikrosa feltspat og 4 – 5 ulike, kvite zeolittar, blant dese goosecrekitt som forekjem berre 3 andre stadar på jorda.
12. På vegen inn til Juvkjelen går stigen gjennom eit større område med polygonmark oppe på permafrosten. Der lendet hallar, er polygonane dregne ut til stripemark
13. På flyfotoet går det tydeleg fram at skråningane ned mot Bøverdalen er sterkt prega av solifluksjon. Utviklinga her vil ha spesiell interesse etter kvart som permafrosten slepper taket oppover lia.
Samanfatta kan altså Juvkjelen seiast å omfatte ei rekkje spennande (overflate-)former og geologiske fenomen innan kvartærgeologi, glaciologi, petrografi og mineralogi. Området er lett tilgjengeleg i sommarhalvåret og vil bli enda meire attraktivt med den planlagde Klimaparken.
Som eit geologisk nasjonalmonument vil det ”kunne bli fyrtårn både for skoleverket og turismen, naturlige ekskursjons- og reisemål for elever, studenter, samt norske og utenlandske turister.”

Newer Post
Older Post

COMMENTS

WORDPRESS: 0
X