Steinriket Bømlo

"Steinriket Bømlo" har gjennom tidene vore heimstad for ei rekke bergverkshistorier. Øystein Jansen ved UiB kallar Bømlo for "den største eksportøren av steinmateriale i dette landet gjennom tidene".

Stedsangivelse (fylke, kommune, sted)

Mosterhavn i Bømlo kommune i Hordaland.

Adkomst

Bømlo ligger ytterst mot havgapet, vest for Stord, og ca. 100 km og to timer med bil sør for Bergen. Fra Haugesund er det 56 km og en drøy times kjøring til Mosterhamn som ligger lengst sørøst på Bømlo.

Lang begrunnelse

Sju ulike bergarter og mineral har vore kommersielt utvunne her sidan menneska kom hit;
Grønstein, Rhyolitt, Kleberstein, Kalk og marmor, Svovelkis, Gull og Granitt.
Grønsteinsutvinning til  økser fann stad gjennom mest 6000 år, og grønsteinen frå Hespriholmen vart identitetsmerket for klanen som levde mellom Lista i sør til Sognefjorden i nord.
Rhyolittutvinninga til pilspissa og knivar fann stad gjennom 2500 år i yngre steinalder, klebersteinen vart teken ut i mellomalderen som byggemateriale for Mostrakyrkja, Mariakirken (Bg), Korskirken (Bg), Domkirken (Bg) og Nonneseter Kloster (Bg).
Kalk var brend frå mellomalder til 1970 og marmor saga til plater og eksportert på slutten av 1700-talet, kis vart utvunne kommersielt i 1870-åra, gull frå 1880 til 1910 i det som ram til 1980-talet var Noregs største gullførekomst, og granitten frå Bømlo kler Bergens gater og held f.eks. Kjøttbasaren oppe.
Steinriket Bømlo skal organisere desse rike historiene gjennom ei utstilling i Moster Amfi, nettsider, turbok, skilting på lokalitetane samt eit servicesenter ved gullgruvene som gjer det mogleg for ein privat entreprenør i området å ta imot gjester her.
Sentralen for Steinriket Bømlo vert lagt til den eksisterande turistaktøren Moster Amfi as (Moster Amfi er etablert i ei nedlagt marmor/kalkgruve).
Gullgruvene og Langevåg Bygdatun (ved den berømte arkeologiske lokaliteten Sokkamyro) blir óg viktige inngongsportar til Steinriket Bømlo.
Landskapet i Bømlo kommune, eit øyarkipél ved utløpet til ein fjord,  er unikt i verda (ref. prof. Jon Inge Svendsen, UiB). Berggrunnen er mangfaldig, og har som ingen annan stad i Noreg gjeve menneska til alle tider materiale og næringsgrunnlag. Denne alment ukjente historia vil me brette ut og fortelje til både fastbuande og gjester, og la det bli grunnlag for identitet, opplevingar og ikkje minst aktivitetar. Planane for innhaldet i Steinriket Bømlo er lagt gjennom eit RUP-Forprosjekt som er ferdig januar 2010, og det vert søkt om vidare utvikling gjennom eit RUP-Hovudprosjekt.

711x474_ID134_2

Utflussa gullstuff. Foto: Brynjar Stautland


 
 

Newer Post
Older Post
X