Close Menu
    Facebook LinkedIn
    Geo365
    Facebook LinkedIn
    BESTILL Login
    • Hjem
    • Anlegg og infrastruktur
    • Aktuelt
    • Bergindustri
    • Dyphavsmineraler
    • Miljø
    • Olje og gass
    • Geofunn
    Geo365
    Du er her:Home » Jettegrytene ved Engevik Gaard
    Geoturisme

    Jettegrytene ved Engevik Gaard

    Av Ingvild Carstensjuni 11, 2015
    Del denne artikkelen Facebook Twitter LinkedIn Email
    Det er sjeldan å sjå ei så konsentrert samling av jettegryter og andre skuringsmerkje frå siste istida på ein så avgrensa stad som i Engevik. Grytene ved Engevik Gaard ligg slik til at det er mogeleg å opparbeida ein natursti i området. Lokaliteten viser korleis landskapet vart forma under den siste istida, og har stor pedagogisk verdi for skuleelevar og andre interesserte.
    Facebook Twitter LinkedIn Email

    Fenomen/Attraksjon

    Jettegryter

    Stedsangivelse (fylke, kommune, sted)

    Sørsida av Sævareidfjorden ved Engevik Gaard

    Adkomst

    Jettegrytene ligg på sørsida av Sævareidfjorden ved Engevik Gaard, og kan lett nåast til fots.

    Lang begrunnelse

    Fusa herad har ei mengd jettegryter, noko som var bakgrunn for valet av kommunevåpen med tre straumkvervlar. I tillegg fekk jettegrytene i kommunen særskild omtale med ei “heilsidesramme” i Naturhistorisk Vegbok (Helland-Hansen, W. (red) 2004). Jettegrytene i Eikelandsosen er omtalt av vitskapen alt i 1882 (Reusch 1882) og seinare kartlagd (Hansen 1937). Ingen av desse har fått med seg jettegrytene i Engevik, truleg mest på grunn av at dei tildels er overgrodde av mose og krattskog.
    Berggrunn. Berggrunnen langs sørsida av Sævareidfjorden er sers gamal. Den tilhøyrer eit skyvedekke som vert kalla Mjånesdekket som er nær 1,5 milliard år (Ragnhildstveit og Helliksen 1997). Bergarten er kalla “monzogranittisk gneis”. Gneis er ein omdanna (metamorf) bergart som her har granittisk samansetjing. Bergarten var opphavleg ein granitt, dvs. ein djupbergart som har størkna frå ei bergartssmelte for 1,5 milliard år sidan. Den var så med i den kaledonske fjellkjedefaldinga for omlag 450 millionar år sidan og vart då “valsa ut” til “lagdelt” gneis. Foliasjonen eller mineralorienteringa (“laga”) i berggrunnen i Engevik står nesten vertikalt. Når dei skrår bratt mot søraust kan det danna seg overhengande bergvegger. Berggrunnen vitrar relativt lett slik at det berre er under nokre av overhenga at det er mogeleg å sjå fine skuringsstriper frå isskuring (fig.1). På svaberga ved sjøen kan ein enkelte stader (ved Hedle-skarvet) sjå grove skuringsrenner danna av store blokker som var fastfrosne i bresolen (fig. 2).
    Topografi og brerørsle. Det går fire dalføre/fjordar gjennom Fusa med retning omlag vestsørvest-austnordaust (Eikelandsfjorden – Vengsvatnet, Sævreidfjorden – Henangervatnet – Skogsvatnet, Femanger – Femangervatnet og Sundvor – Lygrepollen). Gjennom desse dalføra og fjordane har det gått store brestraumar frå ein større bre i Hardangerfjorden. Isbreen gjekk vidare ut Bjørnefjorden og ut mot breen i Norskerenna gjennom den djupe Korsfjorden. På slutten av siste istid vart og mykje smeltevatn dirigert under isbreen same vegen. Dette førde til at det vart danna mange jettegryter nett der desse dalføra/fjordane vert innsnevra, slik som i Eikelandsosen, Sævareid, Femanger og Sundvor.
    Jettegryter. Jettegryter finn ein ofte langs elvar. Når elvane er store kan ein sjå at dei vert laga av stein og grus som sliper på berget når dei vert kvervla rundt av strøymande vatn. Det er vanskelegare å skjøna korleis gryter vert danna når dei finst på stader der det i dag ikkje renn vatn. Her har folkefantasien ofte fått fritt spelerom og sett namn på store jettegryter som ”Gygrarøva” og ”Helvete”. Men veit ein litt om korleis tilhøva var under istida kan ein forklara det meste. Særleg på slutten av kvar istid var det mykje smeltevatn under breen. Dei grytene vi finn i Fusa i dag er nok frå siste del av siste istid, og dermed omlag 15.000-12.000 år gamle. Ein is-straum ut Sævareidfjorden dirigerte smeltevatnet same vegen. Vatnet bar med seg mykje steinmateriale som breen hadde plukka frå berggrunnen under. Vatnet hadde høgt trykk og stor fart, og der det var ujamn fjellgrunn kunne det dannast straumkvervlar og dermed jettegryter,
    (fig. 3). Var det først danna ei gryte var det lett å laga ei ny. Difor ligg dei ofte på rekkje og rad, slik som i Engevik.
    På lesider i høve til is-straumen vart det danna holrom mellom berget og isbreen. I desse holromma fekk vatnet arbeida fritt med steinreiskapane sine og laga halve jettegryter (fig. 4,5). På grunn av overhenga i Engevik er det enkelte stader danna gryter som har gravd seg vertikalt ned og bora seg hol gjennom fjellveggen (fig. 6).
    Plastiske renner. Nokre stader er det danna fine skulpturar i fjellsida forma som store sigdar
    (fig. 7). Dei vert kalla sigdrenner. Det er fleire teoriar om korleis dei er forma. Sigdrennene byrjar nesten på tvers av isretninga, men vert gradvis parallelle med denne. Det tyder at isen var plastisk i botnen, eller at smeltevatnet har danna kvervlar i rennene. Nokre forskarar har hevda at det under isen var ei blanding av is, vatn og morenemateriale som har gravd ut dei plastiske rennene.
    Forvitringsfenomen. Rundt i terrenget i Engevik er det i tillegg til jettegryter og skuringsmerkje
    mange fine forvitringsfenomen.  Innslag av “melkekvarts” gjer at fjelloverflata ofte syner såkalla selektiv forvitring.  Det vil sei at kvartsen står ut medan mjukare mineral forvitrar lett og gjev fjelloverflata fine overflateformer. Inne ved Sævareid vart det funne såkalla “taifoni” på overheng i bergveggen ved den bratte bakken like sør for sentrum. Dette er sers sjeldne fenomen i Noreg, men meir vanlege i ørkenstrok.  Det er små holrom i berget danna på overhengande bergflater der grunnvatn kjem ut med oppløyst mineralsalt som så krystalliserar og sprengjer ut små holrom i fjellet (fig. 8). Inst på Hedleskarvet var det og fine eksempel på “dalsprekkar” eller “løksprekkar”.  Dei vert danna parallelt med overflata på grunn av trykkavlastning. Desse sprekkane gjer det lettare å bryta helleberg, noko som har vore gjort nett på denne staden (fig.9).
    Vurdering av jettegrytene i Engevik. Det er sjeldan å sjå ei så konsentrert samling av jettegryter og andre skuringsmerkje på ein så avgrensa stad som i Engevik. Litt lenger aust finst det og ei rekkje svært store jettegryter (fig. 10).  Grytene ved Engevik gard ligg slik til at det er mogeleg å opparbeida ein natursti i område.  Nokre av grytene (men ikkje alle!) bør då renska for mose og anna vegetasjon for å tre klarere fram.  Ei gryte som er fylt av vatn har ei segn knytt til seg (“Skoddedamo”= fig. 11).  Slike ting er med på å auka fantasien.  Ved eventuell utbygging av natursti bør denne sikrast (brønnloven). Fleire mindre gryter kan små born krypa inn i (fig. 6). Dette gjev og ei større oppleving, særleg for ungar. Det bør utarbeidast eit hefte med detaljkart og forklaring på fenomena. Løypa kan så merkjast med små nummer på steinar e.l. som syner til kartet. Ei lita opplysingstavle kan setjast rett ned i den halve jettegryta like ved grinda oppe ved vegen.
    Bergen, 15.07.05
    Inge Aarseth
    Referansar:
    Aarseth, I. 1992: Jettegrytene i Fusa. Korleis vart dei danna?  Fusa før i tio.
    Hansen, O. 1937: Jettegrytor i Fusa herad. Fusa før i tio.
    Helland-Hansen, W.  (red.) 2004: Naturhistorisk Vegbok, Hordaland.
    Ragnhildstveit, J. & Hedlliksen, D. 1997: Geologisk kart over Norge, Berggrunnskart Bergen.
    Reusch, H. 1882: Silurfossiler og pressede konglomerater i Bergensskifrene.

     

    RELATERTE SAKER

    Gull: Bømlo

    februar 3, 2025

    Gull: Gisna

    januar 6, 2025

    En visuell fornøyelse

    desember 6, 2024
    KOMMENTER DENNE SAKEN

    Comments are closed.

    NYHETSBREV
    Abonner på vårt nyhetsbrev
    geo365.no: ledende leverandør av nyheter og kunnskap som vedrører geofaget og geofaglige problemstillinger relatert til norsk samfunnsliv og næringsliv.
    KONFERANSER

    Kan hente mer metall ut av smelteovnene
    May 14, 2025

    Kan hente mer metall ut av smelteovnene

    Hefaistos og Psamathe – Kan de gamle greske gudene redde dagens klimatragedie?
    May 12, 2025

    Hefaistos og Psamathe – Kan de gamle greske gudene redde dagens klimatragedie?

    Tre uker gjenstår
    May 09, 2025

    Tre uker gjenstår

    En underkommunisert faktor for CCS
    May 07, 2025

    En underkommunisert faktor for CCS

    Oppnådde gjev status
    May 06, 2025

    Oppnådde gjev status

    OLJEPRIS
    BCOUSD quotes by TradingView
    GULLPRIS
    GOLD quotes by TradingView
    KOBBERPRIS
    HG1! price by TradingView
    GeoPublishing AS

    GeoPublishing AS
    Trollkleiva 23
    N-1389 Heggedal

    Publisher & General Manager

    Ingvild Ryggen Carstens
    ingvild@geopublishing.no
    cell: +47 974 69 090

    Editor in Chief

    Ronny Setså
    ronny@geopublishing.no
    +47 901 08 659

    Media Guide

    Download Media Guide

    ABONNEMENT
    © 2025 GeoPublishing AS - All rights reserved.

    Trykk Enter for å søke. Trykk Esc for å avbryte.